STORM: Det fine vintervêret me hadde førre veka har blitt erstatta med regn. Fredag kjem ekstremvêret Tor. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
STORM: Det fine vintervêret me hadde førre veka har blitt erstatta med regn. Fredag kjem ekstremvêret Tor. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Dette blir det slutt på fredag

For no kjem ekstremvêret Tor. 

  • Endret

Årdal/Lærdal: Meteorologisk institutt sender ut varsel om ekstremvêr fredag. Ekstremvêret har fått namnet Tor.

Varselet gjeld for Oppland og Hedmark, Buskerud, Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Trøndelag.

Grunnen er eit lågtrykk som tidleg fredag er venta å utvikle seg til ein orkan i havområdet rundt Shetland. Fredag ettermiddag og kveld er det venta at lågtrykket vil flytte seg inn i den nordlege delen av Nordsjøen og seinare mot Vestlandet og Trøndelag.

Det er framleis usikkert kva bane lågtrykket vil ha. Bana kan påverke både vindstyrke og kva for område som blir ramma, ifølgje Meteorologisk institutt. (©NPK)

Til toppen