OPTIMIST: Aleksander Øren Heen (Sp) trur ikkje Arbeidarpartiet oppnår ein oppslutnad på 70 prosent ved dette valet. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
OPTIMIST: Aleksander Øren Heen (Sp) trur ikkje Arbeidarpartiet oppnår ein oppslutnad på 70 prosent ved dette valet. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

– Dette blir kanskje det jamnaste valet nokon gong

Opposisjonen i Årdal har tru på at dei kan råka Arbeidarpartiet hardt.

Årdal: – Eg må seia at eg er utruleg spent på dette valet her. Eg har vore med på to val tidlegare, og det har aldri vore snakk om at det har vore mogleg å få til eit anna fleirtal i Årdal. No skal ein vera realist, men eg er optimist.

Det seier Aleksander Øren Heen (Sp) før den store valdagen i Årdal. Spørsmålet alle stiller seg er kor mykje Arbeidarpartiet går tilbake, eller om dei nok ein gong stemplar inn med 70 prosent av røystene. 

– Eg trur ikkje Ap klarar 70 prosent og vera like dominerande, og det trur eg er bra for Årdal. Eg trur me treng meir politisk diskusjon, debatt og fleire som meiner noko.

– Vår klare målsetting er å bidra til at dei kjem under 50 prosent. Det kjem eg til å jobba steinhardt for fram til valet, seier Kurt Jevnaker (V). 

INFORMASJON: Knut Arne Klingenberg (H) meiner folk har blitt for dårleg informert i slutningane som er teken i politikken.
INFORMASJON: Knut Arne Klingenberg (H) meiner folk har blitt for dårleg informert i slutningane som er teken i politikken.

For dårleg informert

Årsakene til at opposisjonen plutseleg er blitt så positiv til akkurat at dette valet er mange, men først og fremst går det på misnøye blant innbyggarane på korleis kommunen har blitt styrt, der ein no jobbar med å koma seg ut av Robek-lista.

– Det har blitt gjort grep folk føler ikkje har vore riktig. Dei føler vel at det har skjedd ting som ikkje har blitt godt nok informert om før slutninga er tatt. Det er litt dumt, seier Knut Arne Klingenberg (H). 

Den seinaste saka der misnøya tydelegast kom fram var då helsehuset vart bestemt til å leggjast i Øvre Årdal. 

– For meg spelte det ingen rolle kor helsehuset skulle liggja. Det er innhaldet som betyr noko, og det me lagar til no, følger oss ikkje inn i framtida, trur eg, legg den tidlegare Arbeidarparti-politikaren til.

Helsehuset ei betent sak

Det var ikkje berre Klingenberg som skifta beite etter den saka. Også andre var ute og fortalte at dei no ville melda seg ut av Arbeidarpartiet i protest, men kor mange som faktisk gjorde det er ikkje klart.

– Eg kjenner ikkje til nokon som har meldt seg ut. Eg er sjølvsagt heilt audmjuk overfor helsehussaka og har vore med og behandla den i fleire periodar. At det er knytt kjensler til den saka må me akseptera og leva med, men no har kommunestyret gjort eit fleirtalsvedtak, og slik er det samfunnet fungerer. Det trur eg årdølene vil akseptera på sikt, seier dagens Ap-ordførar Arild Ingar Lægreid, som også stiller som kandidat ved dette valet.

Lægreid trur dette blir ei god løysing for kommunen på sikt. Det er meininga at ved å leggja helsehuset til Øvre Årdal, vil kommunen spara opp mot éin million i utgifter kvart år. 

– No har legekontoret lege på ein plass i eit halvt år, og eg høyrer lite om at det er problematisk i dag.

AUDMJUK: Arild Ingar Lægreid (Ap) seier han er audmjuk når det kjem til helsehuset og valet.
AUDMJUK: Arild Ingar Lægreid (Ap) seier han er audmjuk når det kjem til helsehuset og valet.

Audmjuk

Ordførarkandidaten til Ap seier han alltid er audmjuk når det kjem til val. Kvar gong har han lurt på om partiet skal klara den same oppslutnaden som tidlegare.

– Dette har eg lurt på kvar gong, men det har vorte slik, og eg håpar det blir slik denne gongen også, seier han.

– Ap gjer det me plar gjera. Me er tilstades i begge tettstadane våre kvar einaste laurdag fram mot valet og vil gjera det me kan for å overbevisa om at det er Ap ein bør stemma på. 

– Synt oss som eit godt alternativ

Nettopp det skal også dei andre partia gjera også, og ut frå snakket på bygda kan det verka som at det er Senterpartiet som vil gjera det godt og ta opp kampen.

– Eg trur at dei siste åtte åra har me synt oss som eit truverdig og godt alternativ i årdalspolitikken. Me står ikkje så langt unna Ap, men me har litt andre løysingar. 

– Det har vore nokre tøffe debattar dei siste fore åra, både om økonomi og lokalisering, der me har hatt våre meingar og Ap sine. Dette blir sjølvsagt lagt merke til, så får folk ta sitt standpunkt rundt kven dei meiner har hatt fornuftige argument og konklusjoner, seier Heen. 

Til toppen