KØYRT 200 MIL: Benita og Charlie Moore frå Storbritannia hadde bryllaupsreisa i Flåm, 33 år seinare kom dei tilbake.
KØYRT 200 MIL: Benita og Charlie Moore frå Storbritannia hadde bryllaupsreisa i Flåm, 33 år seinare kom dei tilbake. (Foto: Sunniva Knutsen)

Dette ekteparet køyrte 230 mil igjennom Europa for å vera med på biltreff i Lærdal

Ekteparet Benita og Charlie Moore frå England, var sist i Sogn og Fjordane under bryllaupsreisa si i 1985. I år kom dei tilbake for å vera med på norsk Land Rover landstreff.

Lærdal: Denne veka braka årets Land Rover landstreff laust, og måndag kunne lærdølene måpa då 135 bilar i alle aldrar og variantar, rulla inn på parkeringsplassen på gamle Lærdalsøyri. 

I ein av bilane sat ekteparet Benita og Charlie Moore frå Bath i England. Dei har vore medlem av den engelske Land Rover klubben i fleire år.

– Fleire utandlandske klubbar reklamerer for treff i andre land, men me hadde aldri tenkt å reisa på eitt, heilt til me såg at Noreg skulle ha treff. Då måtte me reisa, seier Charlie. 

– Heldigvis kan alle snakka engelsk her, ler dei. 

230 mil i veteranbil

Etter dei fekk augo opp for landstreffet i Lærdal, har dei spart og planlagt godt. Så då det var klart for avreise, køyrde det engelske paret sjølvsagt Land Rover; ein veteran frå 1953. 

OVER HUNDRE BILAR: Leirsjef Jarle Flaktveit kunne skryta over at 135 bilar tok turen til landstreffet i Lærdal. Fremst til venstre er bilen til Charlie og Benita Moore. Foto: Sunniva Knutsen

Dei kasta seg i bilen, og frå Bath i Sørvest-England gjekk turen innom Frankrike, Belgia, Nederland til Kiel i Tyskland kor dei tok turen vidare med Kiel ferja. Etter ein overnatting i Oslo køyrte dei direkte til Lærdal.

Ein tur på vél 230 norske mil. Noko som ikkje er billig:

– Me visste kva med gjekk til. Når ein har ein slik bil, så må ein belage seg på å stoppe for å fylle bensin, nokså ofte. Me har spart, seier Charlie med eitt smil. 

Bryllaupsreise i Flåm 

Paret fortel at dei lenge har hatt lyst til å få gjensyn med Noregs fjell og fjordar. Etter dei gifta seg i 1985, ferierte dei i Noreg og reiste frå Bergen til Flåm.

Sidan den gong er paret pensjonert, og hadde spart opp ein sum til å bruke på nettopp ein ferie.

VIL KOMA ATT: Paret skryt over naturen og landskapa i Sogn, og har allereie planen klar for når dei skal kome att. Foto: Sunniva Knutsen

– Me tenkte at no kunne me ikkje venta lenger. Dette var jo ein heilt perfekt grunn til å reisa, seier Benita. 

Under landstreffet, som varar ei heil veke frå måndag til sundag, vart det arrangert fleire køyreturar opp på fjellene kring Lærdal. 

Ein av turane tok dei besøkjande med over Aurlandsfjellet og ned til Flåm. Paret kjende seg ikkje att, endå dei ferierte der på bryllaupsreise i 1985. 

– Me kjende oss ikkje att. Ikkje før me var inne på turistsenteret og fekk sjå bilete av korleis Flåm såg ut for 30 år sidan. Då gjekk det opp for oss! No er det så annleis, seier Benita. 

Moore: – No er me «hooked»

Paret skryt av landstreffet og seier at dei har hatt ei fantastisk veke i Lærdal. 

Under turen opp Aurlandsfjellet og dagsturen til Frønningen kor dei fekk mat frå vertskapen, har dei brukt tida til å fordøya landskapet: 

– Me vart sittande å måpa. Ein kan ikkje sei anna enn at naturen her i Noreg er heilt fantastisk, spesielt her i Sogn, seier Charlie. 

Dei er særs begeistra over opplevinga og har planen klar for ein ny retur til Noreg, for om to år feirar NLRK 45 år. 

– No er me «hooked»! Me har allereie planlagt at me skal spara opp til ein ny tur om to år. Det har vore så fantastisk her. Alle er så hyggjelege! 

Vellukka treff, trass brått uvêr

Jarle Flaktveit, leirsjef, er strålande nøgd med landstreffet. Dei oppmøtte har heldt humøret oppe, trass uvêret som traff tidleg i veka. 

– Det kom jo ein sterk vind tysdag og onsdag. Det gjekk heldigvis fint. Me slapp unna med litt skader på plast og telt, og ikkje personskadar. 

– Det har vore ei strålande veke med godt humør og mange flotte turar.

NØGDE: Leirsjef Jarle Flaktveit er særs nøgd med landstreffet i Lærdal. Foto: Sunniva Knutsen

Han fortel at eitt av høgdepunkta var då omlag 85 bilar tok seg over Sognefjorden til Frønningen.

– Me fekk leigd ei eiga ferje for oss sjølve. Det var ein veldig flott tur.

Han skryt over deltakarane på treffet som har oppført seg strålande. 

– Me har jo fått tilbakemeldingar frå dei lokale, som seier at me har oppført oss fint. Dei har ikkje høyrt noko bråk eller opplevd noko råkøyring frå oss. Det er kjekt å høyra! 

Til toppen