Sogndal: I 26 år har turistar kome til Anestølen i Sogndal for å få ein smakebit av stølslivet. Det er det slutt på. Det vart for lite lønsamt sett opp mot arbeidsinnsatsen, sjølv om dei på dei beste dagane kunne vere langt over hundre gjester innom.
– Skal du driva må du gå inn 110 prosent og satsa skikkeleg. Då krev det all tid og det vil gå utover både gardsdrift og jobb, seier Ottar Uglum.
– Vi har tre ungar òg, som krev sitt, seier kona Birthe.
Då dei tok avgjerda i 2015 var dei ei bør som letta frå skuldrene deira, samstundes som det mest av alt var vemodig.

– Her fekk folk komma og oppleva stølslivet, smaka på tradisjonsmat, sjå historia bak tillaginga og korleis ting vart gjort i gamle dagar. Det er trist at folk ikkje får oppleva meir, seier Ottar Husum, som gjerne skulle sett at andre kunne ta over drifta.
Jorlaug Husum var med å starta opp besøksgarden for 26 år sidan, men helsa gjorde at måtte trappe ned på slutten. Ho seier turistane, både utlendingar og norske, har verka å storkosa seg opp gjennom. Gleda har vore gjensidig, samtidig meiner ho folkeopplysinga dei har stått for har vore viktig.
– Det å få marknadsføra bondelivet er noko eg har likt voldsomt godt. Me må visa utad kva me driv med, seier ho.
Anestølen er ei skikkeleg perle, med fjellet og vatnet og dyra som beitar, samtidig som det er lett å komme seg dit, både i bil og til fots. Difor har ikkje straumen av folk stoppa opp, sjølv om det ikkje lenger er noko opplegg for å ta imot dei.
– Folk er hjarteleg velkomne til å koma hit, bruka naturen og klappa geitene, sjølv om me ikkje har ope. Innanfor gjerdet her kan det gjerne vera litt privat, men det er viktig at folk brukar plassen. Det er jo eit utstillingsvindu for norsk landbruk, det me driv med, seier Ottar Husum.