TOR FÅR SKULDA: Det er stormen Tor som får skulda for straumutfallet på Hydro som kunne fått alvorlege følgjer tilbake i januar. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
TOR FÅR SKULDA: Det er stormen Tor som får skulda for straumutfallet på Hydro som kunne fått alvorlege følgjer tilbake i januar. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Dette er årsaka til straumbrotet på Hydro

Kommisjonen som har undersøkt straumutfallet har konkludert. 

Årdal: Etter straumutfallet 29. januar ved Hydro sette Hydro ned ein skadekommisjon for å finna årsaka til at straumen forsvann frå produksjonshallane i nesten fire timar. Konklusjonen er no klar.

– Uvêret Tor blåste ned ei av kraftlinjene mellom Skagen og Herva kraftstasjon. Dette førte til at det oppstod kortslutning i ein brytar inne i koplingsanlegget vårt i Årdal, og dette forårsaka straumutfallet, seier leiar for Hydro sine aluminiumsverk i Noreg, Ola Sæter, i ei internmelding i selskapet.

Fire timar utan straum

Det var fredag ettermiddag i 17.00-tida at straumen forsvann heilt frå Øvre Årdal medan stormen herja ute. Medan straumen berre var vekke i korte periodar på Årdalstangen, byrja ein snart å telje på minutta i Øvre Årdal med tanke på aluminiumsverket. 

Etter kvart som tida gjekk, vart elektrolysecellene stadig kaldare. Først rundt 20.00, etter tre timar, fekk folk tilbake straumen, men ikkje før ein time etter det igjen kunne ein byrje å køyre opp straumen i elektrolysehallane.

Full drift i andre kvartal

Omtrent 10 prosent av produksjonskapasiteten ved Hydro Årdal blei mellombels nedstengt som følgje av straumutfallet, men det kunne gått så mykje verre. 

– Arbeidet med å starte opp igjen produksjonscellene går som planlagt, og me reknar med å vera tilbake i full drift i andre kvartal, seier Sæter. 

Hydro Årdal produserer årleg 200.000 tonn med primæraluminium.

Til toppen