VELGER AUDI: Ole Jakob Stranden kjører E-Golf. Skulle han byttet den ut med en bil av et annet merke, ville valget ha falt på en Audi Q7 e-tron ladbar hybrid. FOTO: Børre Eskedahl
VELGER AUDI: Ole Jakob Stranden kjører E-Golf. Skulle han byttet den ut med en bil av et annet merke, ville valget ha falt på en Audi Q7 e-tron ladbar hybrid. FOTO: Børre Eskedahl

Dette er bilane seljarane sjølve hadde kjøpt

Det finst tallause merke og modellar. Men korleis vite kva ein skal velje? Vi spurde fem bilseljarar om kva dei ville valt.

– Eg hadde kjøpt meg den nye Audi Q7 e-tron ladbar hybrid, seier Ole Jakob Stranden ved Gumpens Auto.

Svaret kjem ganske raskt etter at han har fått spørsmålet om kva slags bil han ville kjøpt, dersom han skulle ha ny bil og ikkje kunne velje Volkswagen, bilmerket han sjølv sel.

– Det er ein stor SUV, nesten utan avgifter. Han er stillegåande, sterk og har ingen lokale utslepp. Det gjer kona fornøgd, for ho er svært miljøvennleg, seier han og fortel i same slengen at privatbilen deira no er ein E-Golf.

Ut frå eit familieperspektiv lokkar modellen på grunn av plass og det medfølgjande tryggingsutstyret.

– Men skal eg berre snakke for meg sjølv, er det på grunn av statusen og innovasjonane til Audi, som gjer at eg vel denne modellen, seier han.

– Ein bil som kler meg

Også Dagfinn Berg, som sel Nissan ved Sørlandets bilsenter, ville valt seg ein Audi. Men ikkje kva for ein som helst.

– Eg hadde definitivt kjøpt ein A6 Allroad. Det er ein bil som kler meg, synest eg.

Allroad er eit dyrt alternativ, innrømmer Berg. Men dersom folk kunne velje bil utan å måtte betale sjølv, trur han Allroad fort kunne blitt ein noregsfavoritt.

Bilseljaren meiner Audi leverer bilar med høg kvalitet og høg køyreglede. Dessutan synest han Allroad er fin å sjå på, og har ein komfort han set pris på.

– Bil er sjel for meg. Dessutan er eg vaksen opp med Audi, for faren min selde bilmerket og dreiv verkstad i mange år. Så det er nesten som eg har det i blodet, forklarer han.

Berg meiner også at Allroad skil seg positivt ut på grunn av storleiken.

– Eg vel ein såpass stor bil, fordi eg har familie med barn og hund, og treng litt plass. Og eg ville heilt klart valt dieselmotor. Diesel er gunstig på store bilar, for det gir meir trekkraft og lågare forbruk, seier han og forklarer samtidig at det på mindre bilar er heilt topp med bensin eller straum.

Luksuskjensle

Janne Skjelbred-Knudsen ved Abrahamsens auto er vaksen opp med Honda og synest det er utenkjeleg å skulle velje eit anna merke.

– Men eg kunne nok tenkt meg ein Mercedes. Kanskje ein SUV? Vi er fem i familien og treng plass til alle.

Når det gjeld ekstrautstyr, ville ho ha passa på at bilen både hadde ryggekamera, sensorar, Bluetooth og tilhengjarfeste.

Skjelbred-Knudsen seier ho har lita erfaring med bilmerket. Men ein av grunnane til at ho ville valt ein Mercedes, er omdømme og kvalitet. Ho trur at mange som skal kjøpe ny bil, gløymer å tenkje på det.

– Og bilane frå Mercedes gir ei luksuskjensle, legg ho til.

To moglegheiter

Jonas Hegstad, som sel Subaru hos Subaru Moss, ville også valt ein Mercedes. Ein E-klasse rett nok. Eller den nye Volvo S90.

Han synest den nye Mercedes E-klassen har mange fantastiske eigenskapar, og trekkjer fram både komfort, utstyr og design. Men også firehjulstrekket.

– Mercedes er finare enn nokon gong. Dei er også langt framme når det gjeld sjølvkøyrande, sjølvparkerande bilar, teknologi, infotainment, motor, komfort og ytingar. Det må jo sjåast på som ein bonus, seier han.

Men valet kunne også ha falle på den nye Volvo S90, arvtakaren til den populære S80.

– Han ser fantastisk bra ut. Han er lang og slank og har nokre nydelege linjer.

Hegstad synest det er attraktivt at S90 også er revolusjonerande innan utstyr, infotainment, teknologi, støynivå, sjølvkøyring, pilot-assist og tryggleik.

Mykje bil for pengane

Bilseljar Merethe Bay Gundersen, hos Bertel O. Steen i Kristiansand, ville valt seg ei Ford Mondeo stasjonsvogn. Som ekstrautstyr ville ho sikra seg hengjarfeste og skiboks.

– Bilen har eit fint design, gode køyreeigenskapar, og er romsleg. Du får mykje bil for pengane, seier ho og forklarer at ho er oppvaksen med Ford. Bay Gundersen har også hatt modellen før, utan å oppleve feil. Og det tel mykje for henne.

– Dessutan elskar eg å køyre bil. Og eg køyrer mykje. Derfor har det ekstra mykje å seie kva slags bil eg køyrer. Mondeoen var eg godt nøgd med, så han kan eg gå god for igjen, avsluttar ho.

Til toppen