TO PROSJEKT: Arild Ingar Lægreid (Ap) meiner det vil vera fornuftig av Årdal kommune å konsentrera seg om to vegprosjekt når dei skal koma med innspel til Regional transportplan – Seimsdalstunnelen og rassikring i Ljoteli. På biletet har ordføraren besøk av samferdsleutvalet der han synte utfordringane i Ljoteli.
TO PROSJEKT: Arild Ingar Lægreid (Ap) meiner det vil vera fornuftig av Årdal kommune å konsentrera seg om to vegprosjekt når dei skal koma med innspel til Regional transportplan – Seimsdalstunnelen og rassikring i Ljoteli. På biletet har ordføraren besøk av samferdsleutvalet der han synte utfordringane i Ljoteli. (Bilde: Truls Grane Sylvarnes)

Dette er dei to vegprosjekta Årdal vil prioritere som innspel til transportplanen

Seimsdalstunnelen og tunnel i Ljoteli er kandidatane industrikommunen vil spela inn.

Årdal: Det er dei to einaste innspela Årdal kommune ser ut til å koma med til Regional transportplan (RTP) som skal handsamast av fylkestinget i byrjinga av desember.

Transportplanen for Sogn og Fjordane er ein langsiktig strategisk plan for utvikling av transportområdet i fylket. For Årdals del er det to ting som skil seg ut: Seimsdalstunnelen og ny tunnel i Ljoteli.

– Dette er to svært viktige prosjekt for Årdal. I Seimsdalen bur det mange, og tunnelen er ikkje oppgradert til dagens krav. Difor er det viktig å få den oppgradert, seier ordførar i kommunen Arild Ingar Lægreid (Ap).

Saka skal innom formannskapet, men tilrådinga er tydeleg på at kommunen berre bør konsentrere seg om desse to prosjekta.

Samde om løysing for Seimsdalstunnelen

I fleire år har ei interessegruppe kjempa for ei utbetring av Seimsdalstunnelen på fylkesveg 303 mellom Seimsdalen og Årdalstangen. I dag er tunnelen smal og mørk, noko som gjer han trafikkfarleg for dei som ferdast gjennom tunnelen kvar dag. 

OPPGRADERING: Det er på høg tid med ei oppgradering av Seimsdalstunnelen, meiner dei fleste årdøler som har ferdast her. Tunnelen er både mørk og smal, noko som gjer han trafikkfarleg.
OPPGRADERING: Det er på høg tid med ei oppgradering av Seimsdalstunnelen, meiner dei fleste årdøler som har ferdast her. Tunnelen er både mørk og smal, noko som gjer han trafikkfarleg. Foto: Truls Grane Sylvarnes

Fleire løysingar ligg på bordet, men etter innspel frå interessegruppa har kommunen klart å leggja fram kva for ei løysing dei meiner vil vera optimal. Det inneberer å strosse tunnelen slik at han blir 11,5 meter brei med gang- og sykkelveg som vert adskilt med betongmur. Dette er det nest rimelegaste alternativet og er kostnadsrekna til 274 millionar kroner.

– Me har vore i kontakt med interessegruppa som har jobba i mange år for å få utbetra tunnelen. Me gav dei eit oppdrag i å finna ut kva løysing dei kunne tenka seg, og det har me fått. Det er positivt at me har klart å prioritere her, seier ordføraren.

Tunnel i 1000-meteren

Rassikring i Ljoteli på fylkesveg 53 mellom Øvre Årdal og Holsbru er den andre saka kommunen vil prioritere. Vegen her er svært rasutsett og smal. Håpet er difor å leggja den delen av vegen ein kallar «400-meteren» inn i fjellet i tunnel. Tidlegare i år vart det gitt løyve om at tunnelen kunne vera brattare enn forskriftene tillet.

RASUTSETT: Vegen oppover Heirsnosi er smal på mange av partia og svært rasutsett.
RASUTSETT: Vegen oppover Heirsnosi er smal på mange av partia og svært rasutsett. Foto: Truls Grane Sylvarnes

– Denne vegen er svært viktig for lokalsamfunnet, både når det gjeld reiseliv og næringsliv, og ikkje minst påkoplinga på det som blir ein ny E16 på Tyinkrysset. Dette er ei sak som har vore inne på lista dei siste fire åra og ligg på ein 2. plass. No har me stått så lenge i kø at me meiner det er vår tur.

Sidan Ljoteli er eit prosjekt innanfor området rassikring, medan Seimsdalstunnelen ligg på investeringar, er dette to prosjekt som heller ikkje konkurrerer med kvarandre internt, legg ordføraren til.

Til toppen