BILLIGASTE PÅ AVGIFTER: Årdal kommune er Noregs billigaste kommune på avgifter som vatn, renovasjon, avløp og feiing. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
BILLIGASTE PÅ AVGIFTER: Årdal kommune er Noregs billigaste kommune på avgifter som vatn, renovasjon, avløp og feiing. Foto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

Dette er den billegaste avgiftskommunen i landet

Ingen kommunar i Noreg har billegare avgifter enn Årdal kommune.

Årdal: Industrikommunen tar 6058 kroner i kommunale avgifter, noko som er litt under ein tredjedel av dei dyraste kommunane i landet. Dette inkluderer vatn, avløp, renovasjon og feiing.

Det kjem fram av den årlege undersøkinga som Statistisk sentralbyrå har gjort for Huseiernes Landsforbund, som VG presenterer. 

Dette er basert på tal som kommunane sjølv leverer inn i den kommunale databasen Kostra. 

– Når nokon innbyggjarar betalar opp mot tjue tusen kroner og andre seks tusen, så viser det at noko er fundamentalt gale i mange kommunar. Det er både ufatteleg og uhaldbart, seier generalsekretær Peter Batta i Huseiernes Landsforbund til VG.

Berre i Indre Sogn er Årdal dobbelt så billeg som nabokommunane. Dyrast er Leikanger med 14 522 kroner i avgifter. Til samanlikning er landets dyraste kommune Høylandet med 19 951 kroner i avgifter.

– Ordførarar og politikarar må ta makta frå mektige lokale vassverkssjefar som står i vegen for meir effektiv drift. Dei er ofte småkongar som får lov til å styre som dei vil. Å drive vassverk og renseanlegg er veldig kostbart, og dette er tenester som i mykje sterkare grad må slåast saman i den enkelte kommune. I tillegg må kommunane gå saman om interkommunale samarbeid for å tilby desse tenestene til ein lågare pris, seier Peter Batta.

Nettopp interkommunale samarbeid er noko fleire av kommunane i Sogn har gått inn for på renovasjon gjennom Simas. 

Til toppen