Årdal: Det seier dagleg leiar i Årdal Utvikling, Terje Laberg, når han kommenterer dei blodferske tala frå Statistisk sentralbyrå fredag.
Frå 2014 til 2015 har talet på sysselsette i Årdal auka med 84, frå 2615 i fjerde kvartal i 2014 til 2699 på same tidspunkt i 2015.
– Nedbygginga me har hatt særleg sidan 2009 i industrien, har gjort at Årdal alltid har kome dårleg ut på slike statistikkar, men etter kvart som industrien stabiliserer seg, får du effekten av nyskapinga som me eigentleg er gode på i heile Sogn og Fjordane. Dette gir seg utslag, og Årdal ser ut til å koma på rett side att.
Bra for Årdal – leit for Sogn
For medan alle dei andre kommunane i Sogn har eit minusteikn føre tala, er Årdal den einaste kommunen med vekst i sysselsettingsutvikla. Samla sett er det 247 personar færre som er sysselsett i Sogn i 2015 enn i 2014.
– I desse samanslåingstider burde dette vera eit viktig innspel til korleis Sogn skal koma seg vidare. Eg ser utfordringa me no står føre er formidable. Me kan gleda oss over dette i Årdal, men me er ein del av Sogn, og det vekkjer alvorlege bekymringar, legg Laberg til.
På motsett ende av skalaen er det Luster som har størst nedgang med 79. Deretter følgjer Aurland med 64 og Høyanger på 58. Sogndal og Lærdal har ein nedgang på høvesvis 42 og 24. Førstnemnde er kommunen med flest sysselsette i Sogn, framføre Årdal.
– Me er ikkje vorte betre på utvikling no enn før, me har jobba jamnt og trutt heile tida. Næringslivet er flinke til å satsa og tilsetja folk. Det vil sjølvsagt slå positivt ut utan dei store nedbyggingstiltaka frå Hydro.
Potensiale
Men sjølv om det er fleire sysselsette i kommunen, er det framleis mange som bur i ein annan kommune og pendlar til Årdal.
– Dei tala er ikkje heilt klare, men det ser ut til at Årdal har ein jobb å gjere på å byggja attraktive bustadmiljø og bli meir attraktivt. Arbeid med handel, reiseliv og sentrumsutvikling er spesielt viktig, seier Laberg og trekk fram det omdiskuterte handelsbygget i Hydroparken som eit tilbod som kan gjere Årdal meir attraktivt.
Årdal har no snaut 2700 sysselsette, men med eit hårete mål på 3000.
– Årdal er gitt effektiviseringa i industrien, noko som gjer det til eit langsiktig mål å koma opp på det nivået. Då må det vera innanfor ein annan type nærings enn industri, som reiseliv og helse.
Tal sysselsette etter region, tid og statistikkvariabel
Sysselsette personar etter bustad | 2014 | 2015 | Endring |
Høyanger | 1695 | 1637 | -58 |
Vik | 1259 | 1256 | -3 |
Balestrand | 771 | 528 | -43 |
Leikanger | 1664 | 1646 | -18 |
Sogndal | 4555 | 4513 | -42 |
Aurland | 892 | 828 | -64 |
Lærdal | 1082 | 1058 | -24 |
Årdal | 2615 | 2699 | 84 |
Luster | 2066 | 1987 | -79 |