PÅ TOPP: Sogndal kommune gjer det best i Sogn og Fjordane i Kommune-NM. Foto: Flickr. 
PÅ TOPP: Sogndal kommune gjer det best i Sogn og Fjordane i Kommune-NM. Foto: Flickr. 

Dette er den mest attraktive kommunen i fylket

Rangeringa av årets Kommune-NM er klar. Sjekk korleis din kommune gjer det.

Sogndal: Det er NHO og Vista Analyse som presenterer den årlege kåringa av Noregs mest attraktive og berekraftige kommunar.

Basert på 21 indikatorar er det Sogndal som er den store vinnaren i Sogn og Fjordane etterfulgt av Leikanger og Førde. 

Generelt for Vestlandet er det ein tilbakegang, noko som først og fremst skuldast oljekrisa. Her er det Rogaland som kjem verst ut med store negative endringar for arbeidsmarkedsindikatorane for alle kommunar. Unntaket er Sola kommune, som faktisk toppar konkurransen.

– Resultata av kommune-NM i år teiknar eit tydeleg bilete av ei oljenæring i krise. Men me ser også at omstillinga har komme godt i gang og at nedturen i oljenæringa til ein viss grad blir utlikna av ei positiv utvikling i meir tradisjonell industri, seier Ingebjørg Harto, som er direktør for næringspolitikk i arbeidsgjevarorganisasjonen NHO.

Har nådd botnen

Og botnen kan vere nådd, trur Harto.

– Me meiner at det er mange indikasjonar på at 2016 vil vere botnåret for oljenæringa, og at aktiviteten vil ta seg opp igjen i 2017.

Elles syner hovudbiletet, som tidlegare, at dei høgaste rangerte kommunane ligg på det sentrale Austlandet, langs Sørlandskysten og oppover Vestlandskysten til området rundt Bergen, i tillegg til byar langs kysten opp til Tromsø.

Desse har høg befolkningstettleik, dei ligg nære universitet, eller dei er prega av næringsklynger innanfor petroleum og teknologi. (©NPK/Porten.no)

Rangering i kommunar i Indre Sogn

Kommune Plassering fylket Plassering landet
Sogndal 1 15
Leikanger 2 20
Aurland 7 111
Årdal 12 171
Luster 13 181
Lærdal 17 264

 

Til toppen