TIL SOGNDAL: 19 år gamle Mohamed Didé Fofana har signert ein 3,5 årskontrakt med Sogndal.
TIL SOGNDAL: 19 år gamle Mohamed Didé Fofana har signert ein 3,5 årskontrakt med Sogndal. (Bilde: Sogndal Fotball)

Dette er den nye defensive midtbanespelaren til Sogndal

Sogndal Fotball melder onsdag at dei er samde med Haifa FC om ein overgang for Mohamed Didé Fofana.

Sogndal: Midtbanespelaren har signert ein 3,5-årskontrakt med Sogndal, melder klubben på si nettside.

19-åringen er frå Conakry, hovudstaden i Guinea som ligg i det vestlige Afrika.

– Fofana er ein spennande spelar som kan minna om Stephane Badji og Babacar Sarr, både i fysikk og spelestil, seier sportsleg leiar Håvard Flo til klubbens nettside.

Ungguten har vore i Sogndal ei stund og vist seg fram på prøvespel. Der har han gjort sakene sine såpass godt at trenar Eirik Bakke ville hente han.

– Dette er ein sitjande midtbanespelar, som gjer at me kan angripa med fleire, ein som dekkjer store rom. Me har leita etter ein slik type etter at Baba reiste, og på sikt håpar me at han kan fylla skoa etter han, seier Bakke.

Fofana har fått internasjonal erfaring i spel for U-landslaget til Guinea. Så seint som i mai var han med under U20-VM som pågjekk i Sør-Korea. I gruppespelet møtte dei Argentina, Sør-Korea og England. Han var lagets kaptein under turneringa.

Til toppen