NY KRAFTVERKSSJEF: Johnny Bruheim frå Årdal er tilsett som ny kraftverkssjef for Hydro i Sogn. Han tek til i stillinga 1. mars. Foto: Norsk Hydro.
NY KRAFTVERKSSJEF: Johnny Bruheim frå Årdal er tilsett som ny kraftverkssjef for Hydro i Sogn. Han tek til i stillinga 1. mars. Foto: Norsk Hydro.

Dette er den nye kraftverksjefen for Hydro i Sogn

Johnny Bruheim frå Årdal er utnemnt som Hydro sin nye kraftverkssjef i Sogn.

Årdal: Det fortel selskapet i ei pressemelding. Bruheim tek til i jobben frå 1. mars og overtar stillinga etter Anneli Nesteng, som startar som fabrikksjef ved Hydro sitt valseverk i Holmestrand same dag.

Bruheim har ifølgje pressemelding sterk teoretisk og praktisk bakgrunn, med mellom anna svenneprøve som tømrar, teknisk fagskule og ingeniørhøgskule i anleggsteknikk. I 2008 fullførte han masterfaga som kvalfiserer til vassdragsteknisk ansvarleg ved NTNU. 

Sidan det same året har han hatt jobben som vassdragsteknisk ansvarleg, og vil halde fram som det i den nye stillinga.

I tillegg skal Bruheim fungere som leiar for prosjekt og vedlikehaldsstøtte ved kraftanlegga i Sogn inntil ein erstattar er på plass. Denne stillingar vert lyst ut internt i Hydro.

I den nye stillinga kjem årdølen til å rapportere til leiar for kraftproduksjon, Jan Helge Mårdalen. Han blir også ei del av leiargruppa i forretningseininga Kraftproduksjon. Johnn

Til toppen