BLIR KAPTEIN: Henrik Furebotn (31) frå Årdal blir Sogndal sin kaptein denne sesongen. Foto: Halvor Farsund Storvik.
BLIR KAPTEIN: Henrik Furebotn (31) frå Årdal blir Sogndal sin kaptein denne sesongen. Foto: Halvor Farsund Storvik.

Dette er den nye Sogndal-kapteinen

Årdølen Henrik Furebotn skal styra Sogndal-skuta frå midtbaneposisjon denne sesongen.

Sogndal/Årdal: Det er Sogn Avis som melder at 31-åringen tar over kapteinsbindet etter at Rune Bolseth la opp i fjor. 

– Å få vere kaptein for Sogndal er veldig stort og noko eg sjølvsagt er stolt over. Det blir kjekt å ha den rolla for dette laget, seier han til avisa.

Furebotn vart henta tilbake til Sogndal i fjor etter eit opphald i Bodø/Glimt. Laurdag spelte han heile kampen sentralt på midtbana då sogndølene slo Brann i generalprøven før sesongstart komande helg.

Ifølgje Sogndal-trenar Eirik Bakke har det heile tida vore planen å gi Furebotn kapteinsbindet då han henta årdølen tilbake til Sogn.

– Henrik har vore med på dette før, og han er ein lokal spelar som veit kva det inneber å spela for Sogndal. I tillegg vil eg ha ein kaptein som er midt på bana, seier han til Sogn Avis.

Til toppen