Slik kan det nye fylkesvåpenet sjå ut på fylkeshuset på Leikanger, dersom innstillinga blir vedtatt i dei fylkestinga i Sogn og Fjordane og Hordaland.
Slik kan det nye fylkesvåpenet sjå ut på fylkeshuset på Leikanger, dersom innstillinga blir vedtatt i dei fylkestinga i Sogn og Fjordane og Hordaland. (Foto: Anbjørn Holme)

Dette er det nye fylkesvåpenet

Fellesnemnda har i dag innstilt fylkesvåpen for Vestland. Politikarane gjekk for fargane djup blå og sølv.

Vestland: Etter store diskusjonar mellom politikarane, enda det med eit klart fleirtal for den mørkeblå versjonen av motivet som skal symbolisere fjord og fjell, skriv NRK.

Anne Gine Hestetun, fylkesordførar i Hordaland, siterte Ivar Aasen: 

– Til lags åt alle, kan ingen gjera. Eg er heilt trygg på at dette er eit fylkesvåpen som vi kan vera stolte over inn i framtida, sa Hestetun til NRK.

FUNGERE OVER TID: Innstillinga frå fellesnemnda viser til at blått er å føretrekke og at dette vil fungere betre over tid. Sølvfargen kan òg visast som kvitt eller grått for eksempel på digitale flatar, slik som på biletet over, skriv Hordaland fylkeskommune. Foto: Hordaland Fylkeskommune

Inkluderande prosess

Fellesnemnda la frå starten i 2017 opp til ein open og inkluderande prosess for utforming av den nye fylkesvåpenet, skriv Hordaland fylkeskommune på sine sider. Ein målsetnad for prosjektfasen var å skape engasjement, medverknad og kjensle av identitet blant innbyggjarane i heile det nye fylket.

I første runde kom det inn over 600 forslag. Motivet som gjekk mest igjen handla om fjord og fjell. Folkefavoritten hadde eit kart som motiv – eit forslag som fagkomiteen vurderte som ikkje eigna.

Det blei òg arrangert ein designkonkurranse der ulike designbyrå utarbeidde motiv på grunnlag av forslag frå fagkomiteen i prosjektet.

Til toppen