NYTT STYRE: Fylkesstyret i 4H Sogn og Fjordane. Frå venstre Ronja Årskaug Vallestad, Mathilde Tjønneland, Camilla Nesheim, Eirik Hortemo Vikøren, Eirik Førde, Emil Barstad og Dianne Eikås.
NYTT STYRE: Fylkesstyret i 4H Sogn og Fjordane. Frå venstre Ronja Årskaug Vallestad, Mathilde Tjønneland, Camilla Nesheim, Eirik Hortemo Vikøren, Eirik Førde, Emil Barstad og Dianne Eikås. (Foto: 4H Sogn og Fjordane)

Dette er det nye styret i 4H Sogn og Fjordane

– Vi ønskjer å knyte mykje sterkare band mellom klubbane og fylkesleddet, seier styreleiar Eirik Hortemo Vikøren.

Sogn: Over 100 engasjerte ungdomar møtte då 4H Sogn og Fjordane arrangerte årsmøte denne helga, skriv organisasjonen i ei pressemelding. 

– Vi er klar for eit nytt år med 4H–aktivitetar, styrearbeid og planlegging av nye spennande prosjekt, seier styreleiar Eirik Hortemo Vikøren.

Han har teke attval og ser fram til sin tredje periode som leiar for 70 klubbar og 1600 4H–arar frå fylket.

– Det er som å vere på «nivå 2». No veit eg kva som ventar, og kan tenkje mykje lenger fram enn i fjor, fortel han engasjert.

Vikøren kjem frå Sogndal og har vore aktiv i 4H sidan han var liten gut, står det i pressemeldinga. 

Nattvolleyball-cup, kurs og leir

– I 4H har eg lært utruleg mykje om svært mange forskjellige tema, men aller mest om organisasjonsarbeid, leiarskap, demokrati og samarbeid.

Dette året skal Vikøren og resten av styret arrangere nattvolleyball-cup, kurs og leir for medlemmane. Samstundes utarbeider styret nye mål for organisasjonen.

– Vi ynskjer å knyte mykje sterkare band mellom klubbane og fylkesleddet. Ein tett og god dialog vil styrke demokratiet, gjere tiltaka som fylket set i gong mykje betre og auke deltakinga på 4H Sogn og Fjordane sine arrangement seier han.

Desse er vald inn i nytt styre:

 

Namn

Alder

Kommune

Leiar

Eirik Hortemo Vikøren

32

Sogndal

styremedlem

Ronja Årskaug Vallestad

17

Sunnfjord

styremedlem

Eirik Førde

22

Gloppen

styremedlem

Camilla Nesheim

35

Stad

styremedlem

Mathilde Tjønneland

18

Sunnfjord

1 vara

Emil Barstad

19

Kinn

2 vara

Hedda Tveit

16

Gulen

3 vara

Åse Mari Haugnes

46

Sunnfjord

Jobb i Sogn

Sjå alle stillingar

Til toppen