SOMMARFERIE: Aase Beate Olsen tilbringer sommarferien Ne' fø' sjøen i Indre Ofredal. Det er ho som tar imot alle besøkande. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
SOMMARFERIE: Aase Beate Olsen tilbringer sommarferien Ne' fø' sjøen i Indre Ofredal. Det er ho som tar imot alle besøkande. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

– Dette er ei kulturarv for heile Noreg

Aase Beate Olsen har flytta ut i Indre Ofredal for sommaren. Her tek ho vare på alle besøkande som gjestar anlegget i Indre Ofredal i sommar.

Indre Ofredal: Olsen ser utover fjorden.  Frå sjøbua ser ho over til Vikadalen der fylkesveg 53 passerer. Utover fjorden seglar ferjene roleg forbi kvarandre. I vatnet høyrer ein såvidt niser gli over overflata og ned. 

Det høyrest ut som starten på eit eventyr, og det kan det kanskje bli – eit turisteventyr. For første gong i år vert interessa for det historierike anlegget i Indre Ofredal testa ut.

I vel hundre år frå midten av 1800-talet og fram til andre verdskrig var dette eit viktig senter for handel og næringsverksemd i heile Indre Sogn. Det var eit økonomisk og politisk tyngdepunkt i Årdal. Dei to første ordførarane var herifrå.

Artikkelen held fram under biletet.

SENTER: I vel hundre år var dette eit senter i Indre Sogn. Her dreiv ein med sagbruk, og bøndene kunne male kornet sitt her.
SENTER: I vel hundre år var dette eit senter i Indre Sogn. Her dreiv ein med sagbruk, og bøndene kunne male kornet sitt her.

– Eg er ein verdaling som har budd i Årdal i 32 år. Når vener og familie kjem på besøk, har eg alltid villa syna fram Ofredalstunnelen og denne plassen her. Eg har alltid vore fascinert av staden, seier Olsen. 

Eit rekreasjonsår

Etter å ha vore svært dårleg ein periode, gjekk det ei lang stund før ho besøkte anlegget att. I fjor kom ho køyrande innover til Årdal frå Sogndal og fortalte Mimmi, som sat på, at ho drøymte om å svirre på eit sæter eller noko slikt om sommaren.

– Så sa eg at eg lurte på å kontakte dei som dreiv med dugnad her ute og spørre om eg kunne få vere der neste sommar, og eg fekk jobben tvert. Det er inga betaling, men når det er som verst med gjester, har eg alltid god hjelp frå vener og familie. Dette er eit rekreasjonsår for meg. Her kjem eg unna alt og kan senka skuldrane, fortel ho.

Ei kulturarv for Noreg

Sidan mai i fjor har restaureringsarbeid pågått. Med Harald Thune i bresjen er hovudhuset måla, dekket på kaien reve og opprydding av uteområdet gjort. Det er Årdal kommune som eig anlegget, men etter å ha pressa og mast i fleire vender, fekk det som no er blitt ei veneforeining nøklane til huset og kunne for alvor redde plassen.

Artikkelen held fram under biletet.

SAGA: Saga er unik i sitt slag, men etter stormen «Dagmar» fekk ho verkeleg kjenne på naturkreftene. Difor hastar det å sikre ho.
SAGA: Saga er unik i sitt slag, men etter stormen «Dagmar» fekk ho verkeleg kjenne på naturkreftene. Difor hastar det å sikre ho.

– Harald er heilt unik. Hadde det ikkje vore for han, hadde dette ikkje vorte noko av. Han skriv brev, ringjer og sjekkar rundt omkring og søkjer etter pengar. Han gav seg ikkje med kommunen før han fekk ja, fortel Olsen. 

Mykje er gjort, men mykje gjenstår. Viktigaste av alt er den gamle og heilt spesielle saga, som er unik i sitt slag. Ifølgje fylkesleksikonet jobba det sju mann på to skift her på det meste. Under stormen «Dagmar» fekk saga verkeleg kjenne på naturkreftene. Difor hastar restaureringsarbeidet.

– Denne plassen treng hjelp. Dette er ei kulturarv for heile Noreg. Saga finst det jo ikkje makan til i Noreg. Det er ei niblads oppgangssag, kanskje einaste i Europa. Ønsket er å gå ho til å gå utan at ho skjer noko. 

Historie for framtida

Ein kan tenkje seg for eit liv det var her på det meste. Lukta av furu, og for ikkje å snakka om mølla som vart sett opp rundt århundreskiftet. Hit kom bønder frå heile regionen for å male kornet sitt. Mange vil kanskje seie at dette er starten på industrisamfunnet Årdal.

Artikkelen held fram under biletet.

MØLLE: I 1899 vart det sett opp ei mølle. Hit kom difor bønder frå heile Indre Sogn for å male kornet sitt.
MØLLE: I 1899 vart det sett opp ei mølle. Hit kom difor bønder frå heile Indre Sogn for å male kornet sitt.

Då dugnadsarbeidet starta opp, var det med mål for auget at andre skal få oppleve plassen. I sommar kan ein nettopp det. Frå skulen slutta til skulen startar att i august skal Aase Beate Olsen vere her saman med sine to kattar. 

Og det er nok å gjere. Etter ein litt roleg start, er det mange som finn vegen gjennom verdas brattaste vegtunnel og tar turen til Ne' fø' sjøen. 

Mange besøkande

– Det har bygd seg opp utover sommaren. Eg har nesten fått panikk når det verkeleg har kome mykje folk, men då har vener og familie bidrege. På det meste har det vore rundt 50 personar her på ein dag. Me har hatt ein del overnattingar også. 

Artikkelen held fram under biletet.

INDUSTRISAMFUNN: På det meste jobba det sju mann på saga på to skift i dette industrisamfunnet.
INDUSTRISAMFUNN: På det meste jobba det sju mann på saga på to skift i dette industrisamfunnet.

No gjenstår det å sjå kor langt ein gjeng med eldsjeler kan kome. Timinga kunne iallfall ikkje vore betre etter som kommunen har eit uttalt mål om å satse på turisme dei komande åra. Men då må det pengar til. 

– Me veit ikkje heilt korleis dette kan ende. Det kan ende kjempebra, men det kjem an på kor mange som vil bidra. Det er ikkje mange som vil tilbringe ein heil sommar her utan betaling, seier ho. 

Til toppen