MIKROPLAST: Omgrepet mikroplast er noko stadig fleire får augo opp for. Det viser seg at gummigranulat på kunstgrasbaner er ei av det største kjeldene til mikroplast. No ønskjer Forum for natur og friluftsliv svar frå kommunane på korleis dei handterer gummien. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
MIKROPLAST: Omgrepet mikroplast er noko stadig fleire får augo opp for. Det viser seg at gummigranulat på kunstgrasbaner er ei av det største kjeldene til mikroplast. No ønskjer Forum for natur og friluftsliv svar frå kommunane på korleis dei handterer gummien. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Dette er eit miljøproblem – ber kommunane ta ansvar

Gummigranulat på kunstgrasbaner kan ende opp i avløp og deretter i havet. No ber Forum for natur og friluftsliv (FNF) kommunane om tilbakemelding for korleis gummien vert handert.

Årdal: Brevet er sendt ut til alle kommunane i Sogn og Fjordane. Plast på avvege i naturen er blitt ein stor del av miljøproblemet, og stadig fleire får no augo opp for korleis mikroplast (plast som er mindre fem millimeter) forureinar i vassdrag og havet.

– Me oppdaga då at gummigranulat frå kunstgrasbaner utgjer den nest største utsleppskjelda etter det som vert slitt av frå bildekk ved transport. Det betyr at det er eit ganske stort omgang, og då ønskjer me å gjere noko som kan redusere det, seier Elisabeth Dahle, koordinator i FNF.

Dei fryktar at ein stor del av gummien, som har ein slags støtdempande funksjon, renn ned i opne kummar og ut i naturen. Kvar bane inneheld rundt 100 tonn med slik gummi, og på grunn av snørydding, avrenning eller at det blir med spelarane heim i klede å sko, vert banene etterfylt med 10 tonn kvart år.

– Krinsen og Fotballforbundet jobbar med å få ut informasjon og held kurs, og det er viktig at kommunane kjem på bana også og samarbeider når det gjeld å samle opp og gjere grep for å hindre spreiing, legg Dahle til.

Artikkelen held fram under biletet.

AVRENNING: Ved snørydding og pleie av bana, kan ein del av gummien havne utanfor bana og renne ut i naturen.
AVRENNING: Ved snørydding og pleie av bana, kan ein del av gummien havne utanfor bana og renne ut i naturen.

Fersk problemstilling for fotballen

Ifølgje ein rapport frå Miljødirektoratet kan kunstgrasbaner stå for om lag 1 500 tonn mikroplast per år, der det er uvisst kor mykje som havnar i vatnet. Til samanlikning står slitasje av bildekk for om lag 4 500 tonn.

Problemstillinga er altså ikkje ukjend for Fotballforbundet, men tidlegare handla dette først og fremst om farlege miljøstoff som kunne vere i gummien. Allereie for ti år sidan starta ein med tiltak her for å få ein reinare gummi, som stort sett kjem frå gamle bildekk. 

– Det har vore fokusområdet heilt fram til for eit halvt år sidan. Her har forbundet jobba saman med produsentane for å sikre at det ikkje er miljøstoff i og sett på alternativ til gummien, men så dukka denne nye problemstillinga med mikroplast opp, seier Svein Olav Myklebust, dagleg leiar i NFF Sogn og Fjordane.

Treng kunstgrasbaner

Han understrekar at dei er like opptekne av å vere ein del av løysinga på denne utfordringa som FNF, men i eit land som Noreg er det nærast utenkjeleg å gå tilbake til berre grasbaner eller grusbaner.

– Me kan ikkje berre droppe kunstgras. Då er det andre faktorar som spelar inn. Med gras eller grus, er det veldig sesongbetont, og då kan me ikkje oppretthalde den aktiviteten som me har i dag. Det me må sjå på, er kva me kan gjere innanfor vårt område, seier han.

NFF har allereie laga brosjyrar og sendt ut informasjon til klubbar og kommunar som pleier banene. Forbundet er også ein pådrivar i forskingsarbeidet der ein kan sjå på alternativ til gummien.

Fleire tiltak kan hjelpe

Og då finst det mange gode tips. Til dømes bør spelarane riste godt av seg gummien før dei forlet bana. Ved snørydding, der mykje av gummien kan havne utanfor bana, bør ein samle saman gummien på ein plass med duk og filter slik at det ikkje vert avrenning til naturen.

– Er det opne kummer i nærleiken av bana, bør desse ha eit filter som samlar all gummien, seier Dahle, som er glad for at fotballen sjølv også vil bidra.

No jobbar krinsen med å få på plass eit stordriftskonsept, der handtering av gummien er ein del av konseptet.

– Det er ei kjend sak at vedlikehaldet av banene ikkje er like god over alt. Difor vil me no ha med eigarane på eit årleg tilbod om vedlikehald, der ein renser og pleier bana, samt demonstrerer maskiner lokalt og har teorisekvensar for nettopp korleis ein skal handtere gummien. Dess fleire som er med, dess billigare vert tilbodet, seier Myklebust. 

Til toppen