Årdalstangen: Søndag var det nemleg mini-handballturnering, som Årdalstangen IL arrangerte med lag frå Aurland, Jotun, ÅTIL, Syril og Bjørn.
Fordelt på tre baner i Tangenhallen var dei unge i full sving med å sentre, kaste, score mål og juble. Tidlegare er dette noko idrettslaga i Årdal, Lærdal og Aurland har bytt på å arrangere, men no har regionen gått inn og teke styringa, fortel leiar for handballen ÅTIL, Anne Kauppi.
Etter planen skulle 7- og 8-åringane spele i Aurland laurdag, men sidan det var så få påmelde, vart den avlyst. Difor var det også nokre 8-åringar med på Årdalstangen.
– Her spelar dei på ei lita bane, og då er tanken at keeper får vere med i angrep og kan score mål slik at angripande lag alltid er i overtal med fire mot tre. Det er for at det skal vere målsjansar i kampane, forklarar Kauppi.
– Dessutan er det eit poeng at det skal vere mange ballbehandlingar per spelar, og når dei er færre på bana, så er det fleire som får vere borti ballen.
I nesten fem timar heldt dei på søndag. Med hjelp frå unge, ferske dommarar frå dei lokale klubbane, vert dei yngste losa fint gjennom kampane.