GLADLAKSAR: Håkon Henning og Nikolai Skinlo tykkjer det er godt å runde av ein skidag med ei pils i handa.
GLADLAKSAR: Håkon Henning og Nikolai Skinlo tykkjer det er godt å runde av ein skidag med ei pils i handa. (Foto: Synne Asheim Saga)

– Dette er fyrste gongen me fekk skikkeleg afterski

Laurdag kveld arrangerte Dampskipskaien i Sogndal afterski for fyrste gong i sentrum. Det fall i smak hjå ungdomen, men dei vil ikkje ha eit slikt tilbod for ofte.

Sogndal: Alle bord og stolar var opptekne og køa til baren var lang då Dampskipskaien i Sogndal arrangerte afterski laurdag kveld. Utestaden var full av folk som tok turen for å skrøne litt om deira ferdigheiter i bakken.

– Dette er fyrste gongen me får skikkeleg afterski, seier Nikolai Skinlo.

Han og kompisgjengen har brukt dagen med ski og snøbrett på beina. Då er det godt å avslutte dagen i godt lag, gjerne med ei pils eller to. Det har blitt arrangert afterski i Sogndal før, men då var det i Sogndalsdalen, utanfor sentrum. Skinlo seier det var vanskeleg å kome seg til og frå arrangementet sidan dei var avhengige av transport.

– No er det mykje lettare å vere med, seier Skinlo.

– Og dei har studentprisar på øl, legg Håkon Henning til.

Karane legg ikkje skjul på at billeg øl er ein viktig grunn til å reise på fest, men det er ikkje ein føresetnad for å kome seg ut.

– Det er også kjekt er at det mykje kjensfolk her. Gjerne dei du stått på ski med, seier Henning.

FULLT HUS: Kevin Gray fortel at lokalet fylte seg opp raskt, trass i at dei opna tidleg på ettermiddagen. Foto: Synne Asheim Saga

Vil halde ope kvar helg

– Kvelden gjekk veldig bra. Me hadde stinn brakke rimeleg tidleg på kvelden, seier Kevin Gray, som driv møteplassen for friluftsfolket i Sogndal.

Han er einig med Skinlo at det vert lettare å ta del i afterski då det vert arrangert i sentrum.

NØGD: Kevin Gray er glad for at afterskien vart ein suksess. Det er ikkje lenge sidan han overtok drifta av utestaden, men dette arrangementet har lenge vore i bakhovudet. Foto: Halvor Storvik

– Dette har me prata om heilt sidan me opna i mai, so det var kjekt å få det til. Ei skibygd som Sogndal treng eit afterskitilbod, seier Gray.

Les også: Her er mannen som skal drive kafeen på Dampskipskaien

Han er optimistisk etter suksesskvelden og fortel dei ynskjer å få til afterski kvar laurdag denne vinteren. Men å feste so ofte er ikkje skigåarane sjølve heilt einige i.

– Om det vert arrangert afterski i bygda seinare, er det noko de kjem til å ta del i?

– Både ja og nei. Det må ikkje skje for ofte, fordi me stikk gjerne på ski både laurdag og sundag. Eg trur eit par gongar i månaden er nok, seier Henning.

– Ja, innimellom passar det bra, seier Skinlo.

Til toppen