VINNARGJENGEN: Bord 6 stakk av med seieren denne kvelden. Ranveig Heltne og Liv Randi Tillereggen heilt til høgre.
VINNARGJENGEN: Bord 6 stakk av med seieren denne kvelden. Ranveig Heltne og Liv Randi Tillereggen heilt til høgre. (Foto: Linda Watten)

Dette er høgdepunktet for bygda ein laurdagskveld

Er det ein ting lustrafolket er gode på så er det quiz.

Luster: Rundt seks gonger i året samlar store delar av bygda seg rundt borda på Lustrabui i Luster. Då er det tid for quiz, og det vesle bakeriet er fullt av kunnskapsrike folk. 

– Sidan 2007 har me hatt 60 quizar her, fortel Finn Skare.

Røynd radiovert 

Skare er quizmaster på Lustrabui, og ei kjent stemme for alle i bygda. Til vanleg er han radiovert og tekniker på Radio Luster. 

QUIZMASTER: Finn Skare. Foto: Linda Watten

– I 30 år har eg stilt spørsmål til folk via radioen, så å finna spørsmål er nesten blitt ein mani for meg. Eg les alt av aviser og blad, og så tenkjer eg "kan eg spørja folk om dette", seier Skare. 

Skare: – Quizmaster har alltid rett 

Etter 60 quizar på Lustrabui, samt konkurranse på nærradioen føler Skare at han kjenner lustringane godt.

– Eg føler at eg veit kva dei kan, så no har eg god kontroll på kva som er vanskeleg for dei og ikkje, seier han og humrar. 

Og for dei som ikkje er einige i svara til Skare, har han berre ein ting å seia. 

– Paragraf ein er at quizmaster har alltid rett. Paragraf to er at viss du er ueinig må du sjå på paragraf ein. 

Set pris på aktivitet i bygda 

LUSTRABUI: Marita Thi Nguyen og Eva Nyløy. Foto: Linda Watten

Eva Nyløy er dagleg leiar på Lustrabui, og takksam for aktivitet ein laurdag kveld på bakeriet.

– Me er heldige som har han Finn som bidragsytar og quizmaster. Han ordnar spørsmål, og me stiller med mat og drikke. Så er det jo veldig kjekt at det skjer noko i bygda då, seier ho. 

Denne kvelden er det bord nummer seks som stikk av med sigeren, samt heider og ære. For anledningen har quizmaster laga ein ny vri på quizen: alle laga skal finne 30 stader i Noreg ut frå ulike kodeord og punkt på eit kart. 

– Denne rebusen tykte eg var artig, seier Liv Randi Tillereggen. 

Ho og mannen bur til dagleg i Trondheim, men har feriehus i mannen sin barndomsheim i Luster. 

– Ofte tykkjer eg spørsmåla er litt vanskelege fordi dei er lokale, men i dag var det spørsmål frå Trondheim. Det greidde eg, seier ho. 

Vinnarglede

Òg Ranveig Heltne tykkjer det er kjekt på quiz.

SOSIALT: Quiz er både sosialt og kjekt. Foto: Linda Watten

– Eg er stort sett alltid med. Det er ikkje så mykje som skjer her på vinteren, så det er kjekt med quiz. Lustrabui er ein møteplass for oss i bygda, og det er viktig for oss at me har tilbodet. 

Både ho og Tillereggen er på vinnarlaget, noko dei er nøgde med. 

– Her er berre ein vinnar i kveld, resten er gradering og taparar. Det er viktig å få fram, skyt Kåre Steinar Skagen inn til slutt.

Til toppen