Kaupanger: Det starta med ei kongle for sju månader sidan.
– Det var første gongen eg laga eit bilete, seier Horge.
No drøymer ho om å gjera blyantkunsten til levebrød.

Øving gjer meister
Ho hadde slutta som tatovør på Midgardsormen i Sogndal, og lurte på kva ho skulle ta seg til.
Så dukka altså kongla opp. Ei veninne hadde gjort ho ei teneste, og denne veninna var glad i kongler. Så då bestemte Marlene Horge seg for å teikna ei til ho. Det skulle visa seg å bli ei vesentleg avgjerd.
– Eg vart ganske hekta, seier Horge.
Sidan har ho brukt mesteparten av tida på å utvikla talentet. Teknikkane har ho lært sjølv, ved å studera og kopiera kunstnarar ho ser opp til.
– Eg skal bli dritgod. Det er skummelt å seia det, men det er det eg har lyst til, seier ho.
Dei fleste ville kanskje meina at det ambisiøse målet allereie er nådd.
(Sjå korleis hennar siste kunstverk vart til. Artikkelen held fram under biletet)
Den ærlege streken
Ho har alltid vore kreativ. Horge har seks års handverksutdanning, mellom anna i treskjering og keramikk. I tillegg til tatoveringsjobben har ho dei siste åra drive den vesle verkstaden Amla Kunst & Handverk.
Teikning har til no berre vore skisser for andre prosjekt. Men etter kongla har tekninga teke overhand. Ho går inn i bobla og kan forsvinna i timesvis.
– Det er noko eg likar, seier Horge.
Teikning valde ho fordi det er «nakent og ærleg».
– Blyanten er noko alle har leika med. Alle ser ein strek, du kan ikkje gøyma deg bak noko. Det er litt fascinerande, seier Horge.
Ideane startar med ei kjensle ho ønskjer å formidla. Motiv som går att er hender og eldre menn med skjegg. Eit anna kjenneteikn ved kunsten hennar er den nærast fotorealistiske attgjevinga.
– Eg har alltid synst det er spanande å greia å gjenskapa det du ser. Men eg vil ikkje seia det er heilt fotorealistisk. Eg framhevar det som er spanande for auga, seier ho.

– Alt handlar om å sjå
Du får ikkje Horge sjølv til å innrømma at ho er flink. I det minste meiner ho at det er store rom for å bli betre. Men viss ho har eitt talent, så meiner ho det er måten ho ser verda på.
– Når du ser ein stol, så veit du at den har fire bein. Men det er ikkje sikkert du ser det fjerde beinet. Så det handlar om å sjå korleis ting faktisk ser ut. Viss du zoomar inn på ein liten milimeter på handa, så er det veldig mykje som skjer med tekstur, lys og skygge, som vanlege folk ikkje legg merke til i det daglege. Eg synst slike ting er veldig spanande, seier Horge.

Då ho hadde bestemt seg for å satsa var det først berre den næraste sirkelen som fekk vita om det. Sidan har ho oppretta ei gruppe på Facebook, der interesserte kan følgja framgangen hennar.
Neste steg på vegen til å verta heiltidskunstnar blir å selga det ho lagar. Om ei veke håpar ho å få på plass ein avtale med eit trykkeri.
– Det er kanskje naivt å tru at eg skal få lov til å sitta her å teikna resten av livet, men akkurat no satsar eg alt, seier Horge.