LUFTIGE PLANAR: Fred Ivar Falck Husum har store planar for dei skogkledde liene over familiegarden i Amlabukti på Kaupanger.
LUFTIGE PLANAR: Fred Ivar Falck Husum har store planar for dei skogkledde liene over familiegarden i Amlabukti på Kaupanger. (Foto: Josef Benoni Ness Tveit)

– Dette er ikkje for dei med høgdeskrekk

Bygde du trehytter som unge? Kva om dei trehyttene hadde vakse slik som deg? Det er ein familie i Amla på Kaupanger i ferd med å svara på; dei bygger spektakulære feriestadar for turistane høgt over bakken.

Sogndal: Eit unikt prosjekt er godt i gang i Amla på Kaupanger. I den brattaste lia med utsikt over Amlabukti gjer Fred Ivar Falck Husum, familien hans og vener ein kvar gut sine draumar ein realitet – dei bygger ei massiv trehytte.

– Det er jo utruleg artig å sjå bygget ta form, seier Husum.

Inspirasjonen til hytta kom frå eit tv-program med Dorthe Skappel, men det er ei heilt anna historie. Det var fire-fem år sidan. No, fleire år med søknadar og papirarbeid og 600.000 kroner i støtte frå Innovasjon Norge etter, er målet endeleg i sikte. Våren er nett starta, og hytta tek allereie form.

– Det går jo framover, men sidan me alle har jobb vert dette jo gjort på ettermiddagstid og i helger, seier Husum.

Les også:  Dei vil lokke turistar med spektakulære tretopphytter

Sjå biletgalleri frå Amla nedst i artikkelen.

STORDUGNAD: – Heile prosjektet er gjort på dugnad. Me har fått hjelp av både storfamilien, vener og naboar. Nokre helger har me vore kring ti stykker i sving om gongen, seier Husum. Foto: Josef Benoni Ness Tveit

100% lokalprodusert

Alt tømmeret som er nytta til hytta er hogd i eigen skog og saga på eige mobilsagbruk. Snikkararbeid og fresing vert gjort på verkstaden på tunet og dei som arbeider er alle vener, slekt og familie.

– Alle generasjonar er med her, frå bestefar til skuleborn, seier Husum.

På veg opp til hytta køyrde me faktisk forbi far til Husum, Hallvard David, som styra på i snikkarboden, og vel oppe spring sonen til Husum og leikar i furuskogen.

UTSIKT: Frå trehytta ser ein rett ned på Amlabukti og Kaupangsholtane på andre sida av fjorden. Foto: Josef Benoni Ness Tveit

Tek det eitt steg om gangen

– De er jo komne ganske langt, men veit de noko om kva tid de vert ferdige?

– Nei, slikt planlegg me ikkje. Det vert ferdig då det vert ferdig. Hadde det ikkje vore for krava frå kommunen, er det ikkje sikkert me hadde hatt ei planteikning eingong – eg likar å ta ting som dei kjem, seier Husum og ler litt.

Då hytta står ferdig, er planen at den skal ha straumforsyning via solceller og aggregat, gassdriven toalett og oppvarming. Husum har løyve til å byggje ei hytte til, men planen er å setja opp endå fleire om prosjektet går godt.

– Nett no har me gjort ein stor innsats, både med eigenkapital og dugnadsarbeid. Difor er budsjettet på denne fyrste hytta rimeleg lågt. Om det går godt får me kanskje litt meir slingringsmonn vidare i prosjektet, seier Husum.

IKKJE BE HØGDEREDDE PÅ KAFFI: – Me har flott utsikt i kaffipausane, men me er jo alltid litt var på kanten, for å sei da slek, seier Husum med eit smil om munnen. Foto: Josef Benoni Ness Tveit

Sjå fleire bilete frå hytteprosjektet på Amla her:

Utan straum er dei avhengige av aggregat for å halde maskinene i gang. At drillane går tomme for batteri er også ein fin måte å setje strek for dagen på. (Foto: Josef Benoni Ness Tveit)
Hytta er inspirert av gamle norske byggestilar, spesielt av stavkyrkja nede i bygda. (Foto: Josef Benoni Ness Tveit)
(Foto: Josef Benoni Ness Tveit)
Det er vel åtte meter rett ned frå platningen til skogbotnen, men fordi det er so bratt følast det mykje høgare ut. (Foto: Josef Benoni Ness Tveit)
På snikkarverkstaden på garden har Husum frest ut flotte mønster i bjelkane. Hittil har fresemaskina fått over 2000 arbeidstimar, og endå er dei ikkje ferdig med den fyrste hytta. (Foto: Josef Benoni Ness Tveit)
– De sit jo feil veg i kaffipausen, seier eg då eg ser utsikta bak dei arbeidande. – Jamen det er jo her alt det vakre er, seier dei då lattermildt og peikar på det halvferdige bygget. (Foto: Josef Benoni Ness Tveit)
Platningen og hytta er i hovudsak bygd på og støtta opp av dei store furutrea, men for å oppfylla visse krav har dei berande stolpar under sjølve hytta. (Foto: Josef Benoni Ness Tveit)
Det er nok liten tvil om at Amlahytta kjem til å vera lett å nyta i vårsola då den vert ferdig. (Foto: Josef Benoni Ness Tveit)
Ideen om hytta utvikla seg stadig. Her ser me dei siste handteikna skissene Husum hadde før dei teikna hytta på datamaskinen. (Foto: Josef Benoni Ness Tveit)
Trass i at dei har ei teikning å følgja diskuterer dugnadsfolket korleis dei best skal takle problema som kjem med bygging av hytter. (Foto: Josef Benoni Ness Tveit)
Ho vert ikkje akkurat usynleg i skogen då ho står ferdig, hytta. (Foto: Josef Benoni Ness Tveit)
Til toppen