– Dette er mykje kjekkare enn vanleg skule

Unge forskarspirer er samla på Tangen skule denne veka.

Årdalstangen: 26 unge forskarspirer i ulike aldrar sit konsentrerte med kvar sin pappboks i handa. I denne er det eit batteri, og ut frå batteriet nokre ståltrådar. Dette er kopla til ei grøn lampe som lyser dersom ein ikkje klarer å føre ringen utan å røre tråden.

– No har me om elektrisitet og korleis me koplar dette riktig slik at det fungerer. Men me får ikkje straum i oss. Det er berre lampa som lyser, seier Tia Øy Vigdal (9).

Ho har valt vekk sommarferien akkurat denne veka. Ute skin sola, men stemninga er på topp på naturfagsalen på Tangen skule. Det Forskarfabrikkens sommarskule som held til her denne veka.

– Det er eit program der ein prøver å få unge meir interessert i forsking. På link linje med ein fotballskule, kan ein gå på forskingskule. Me prøver å få dei unge til å sjå at matematikk og naturfag ikkje berre er eit tiltak, men at det er kjekt å drive med, seier Espen Tangnes, som er ein av to leiarar. 

– Kjekkare enn vanleg skule

Dei unge er ivrige og spør heile tida etter hjelp. Det er tydeleg at dette ikkje er som «vanleg» skule.

– Me har lært veldig mykje, og det er gøy å vere her. Det er litt kjedeleg å stå opp tidleg, men dette er mykje kjekkare enn vanleg skule. No slepp me å gjera lekser og skriva i bøker. Det er mykje lettare å lære, seier Sunniva Lomheim (12).

Det er akkurat det Tangnes ønskjer å høyre.

– Det er mykje praktiske døme som me prøver å knyte opp til teorien etterpå slik at det er ein samanheng mellom dei to. Me lagar rakettar og luftmolekyl, og sjølv om dei er litt trøytte om morgonen, så vaknar dei til liv. Det skal eg love deg, seier han og smiler.

I løpet av dei fem dagane denne veka lærer forskarspirene mykje rart. Maiken Kvale Skarsbø (9) fortel at dei har forska på gassar og dyr, og dei har testa smakar på tunga.

– Me har hatt ein heil del ulike forsøk. Hovudtema i år er etterkoppar og stjernestøv, og me har hatt litt om verdsrommet. Då ser på dette i mikroskopet. 

Forskingsmiljø på Hydro

Hydro er med i eit samarbeid om Forskarfabrikkens sommarskule, og verkssjef i Årdal, Wenche Eldegard, trur realfag står sterkt i Årdal. 

– Hydro er tufta på mot og eit ønskje om å skapa noko stort med naturkreftene, og for å klare det, er naturfag og matematikk heilt sentralt. Me håpar sommarskulen bidreg til at fleire ser kor spanande dette kan være, seier Eldegard.

– Eg trur realfag står ekstra sterkt her i Årdal sidan me har eit så sterkt miljø for forsking og utvikling både i Hydro og i fleire andre verksemder i kommunen, seier Eldegard.

Til toppen