God stemning:  Dei 85 deltakarane på Fjøsbluesen laga god stemning i Avdalen. Foto: Petter Løvdahl
God stemning: Dei 85 deltakarane på Fjøsbluesen laga god stemning i Avdalen. Foto: Petter Løvdahl

– Dette er noko heilt spesielt

God musikk og god stemning under Fjøsbluesen i Avdalen. 

Årdal: – Alle deltakarane verka svært nøgde. Dei seier det er noko heilt spesielt å koma hit på konsert midt i naturen, seier Petter Løvdahl i stiftinga Avdalen gard.

– Midt i blinken frå blueslaget

85 bluesglade fann vegen til Fjøsbluesen i Avdalen laurdag. Blueslaget i Årdal stilte med eit reportoar Løvdahl tykte trefte ypparleg.

– Det var god stemning og god musikk, som vanleg. Eg tykte låtane blueslaget spelte var midt i blinken.

Fjøsbluesen vart arrangert for første gong i 1998 på den idylliske høgdegarden om lag 400 meter over havet i Utladalen. Festivaldeltakarane går opp frå parkeringa nede i Utladalen, ein tur på ein liten time. Det har vore oppi 200 deltakarar på Fjøsbluesen, men at det i år var om lag 85 tykkjer Løvdahl er passe.

– To hundre er eigentleg for mange. I fjor var me hundre og tjue - det går fint. Det vart eit flott arangement med åttifem gjester også.

Artikkelen held fram under biletet

<strong>Grauttur:
<strong>Grauttur:

Foreldre og ungdommar

Før sjølve Fjøsbluesen går av stabelen arrangerer Årdal turlag den såkalla grautturen frå Fardalen til Avdalen. 19 deltok på turen og fekk servert rømmegraut når dei kom fram. Så tok altså bluesen over då det leid utpå kveldingen.

– Det gjekk svært fint føre seg, ikkje noko bråk, berre god stemning. Dei fleste gjekk ned att etter bluesen var over. Her kjem gjerne foreldre i femtiåra med ungdommane sine i tjueåra. Fleire har vore med oss på mange av fjøsbluesane, og det set me stor pris på, seier Løvdahl.

 

Til toppen