NOREGS STØRSTE: Til saman 1800 meter med 1100 planter over åtte dekar. Ikkje oliven, men Tindved. Foto: Ole Ramshus Sælthun
NOREGS STØRSTE: Til saman 1800 meter med 1100 planter over åtte dekar. Ikkje oliven, men Tindved. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Dette er Noregs største felt med Tindved

Mange trur Marco Neven har starta å dyrka oliven. Men dei lysegrøne buskene er noko heilt anna. 

Lærdal: - Fleire som køyrer forbi har stoppa opp og kome bort til meg for å spørja om det er oliven, seier Marco Neven.

Lerum initierte prosjektet

Rad på rad med lysegrøne busker i varierande storleik står i eit åtte dekar stort felt på Ljøsne. 1100 busker - eller planter - er det på radene som til saman utgjer 1800 meter. Men oliven får ein nok ikkje hjå Neven. Tindved, derimot. Etter kvart, i alle fall.

- Blir det bær?

- Tja. Ja. Ganske spesielle bær, i alle fall. Eller frukter. Ein haustar dei annakvart år i utgangspunktet. Eitt år kjem det opp nærare ein meter med nye skot, utan bær. Året etter veks den like mykje, og då kjem det bær på skota frå året før.  Så klypper ein av toppen og frys den ned til  minus tjueåtte grader. Deretter ristar ein av bæra. Slik går haustinga føre seg - bæra sit så godt at dei blir øydelagde om ein plukkar dei.

Artikkelen held fram etter biletet 

SPENNANDE: Marco Neven er spent på om det vil bli bær på tindveden hans til hausten.
SPENNANDE: Marco Neven er spent på om det vil bli bær på tindveden hans til hausten.

Så, kvifor i all verda har Neven starta med dette? Kari Sigrun Lysne, som har halde i prosjektet for Lærdal Grønt, forklarar:

- Lerum starta eit prosjekt som heitte "Nye vekster". Dei ville ha med eit produsentmiljø. så slik kom Lærdal Grønt inn i det. Njøs Næringsutvikling på Leikanger har hatt den biologisk-faglege biten, Nofima på Ås er også inne og Fylkesmannen gjekk inn med  eit sideprosjekt som ei sikring for oss produsentar ettersom ein ikkje veit kva det blir av dette.

- Lever ein  dag lenger for kvart bær ein et

Tindveden har ein svært aromatisk og frisk smak, samt at fargen i følgje Lysne er sterk oransjeraudleg og set eit fint preg om ein tilset litt av bæra i noko ein lagar. 

- Og så er det grenselaust sunt med svært mykje C-vitaminar og antioksidantar,. Eg likar Tindved, men det har ein litt spesiell smak ein kanskje må venja seg til. Eigentleg kan eg knapt samanlikna det med noko anna, seier ho.

- Det blir sagt at for kvart bær av Tindved ein et lever ein ein dag lenger. Det er dessutan ei nøysam plante som treng lite næring og me sprøytar dei nesten ikkje, legg Neven til.

Kanskje var det dette som freista Lerum til å setja i gang prosjektet for å sjå om Tindved kunne nyttast i nokre av produkta deira. I alle fall trekte dei seg ut av det, og no har Lærdal Grønt teke over - med dei andre samarbeidspartnarane på laget. I det same prosjektet dyrkar også ein produsent Svarthyll i Fresvik. Men kva som skjer vidare med produksjonen på Noregs største tindvedfelt hjå Neven og svarthyllen i Fresvik er noko uvisst:

- Lærdal Grønt driv ikkje med foredling, så me er eigentleg ute etter nokon som kan ta det vidare, seier Lysne.

Neven har tru på at dei skal få det til.

- Tindved blir dyrka og nytta i svært mange land på nordkalotten, frå Kina til Canada. Spør du ein ukrainar kva Tindved er seier vedkomande gjerne at dei lagar syltetøy av det fordi dei har det i hagen. I Sverige er dette mykje meir utbreidd enn her i landet, så me har hatt hjelp av fagpersonell derifrå. Ja, det er viltveksande i deler av Noreg også, men blir ikkje dyrka og nytta. Så eigentleg heng me etter. Og i verste fall skal kan me prøva å utvikla noko av det sjølve. Men det er kriseplanen.

Artikkelen held fram etter biletet

FLOTT FARGE: Førebels er det ikkje større enn eit knappenålshovud, men eit moge bær av Tindved er eit avlangt, svært fargesterkt raudoransje bær.
FLOTT FARGE: Førebels er det ikkje større enn eit knappenålshovud, men eit moge bær av Tindved er eit avlangt, svært fargesterkt raudoransje bær.

Tek lang tid

Førebels brenn i alle høve ikkje Neven inne med frysarane fulle av bær. Plantene vart sett i jorda for to år sidan, og det tek litt tid før produksjonen kjem i gang.

- Dei to første åra har eg hatt til saman ti bær. Så eg håpar det kan bli littegrann no i haust.

Neven tykkjer uansett det er artig å prøva ut dette - som den einaste birøktaren i bygda er han vand til å tenkja utom boksen.  Einaste aberet er tornene på ein del av sortane.

- Her står det tretten sortar av Tindved. Elleve av dei er hoplanter, to er hannplanter. For kvar sjuande hoplante står ei hanplante. Dei polinerer hoplantene med vindbestøving. Så dei blømer ikkje. Blomar er jo så fine fordi dei skal tiltrekkja seg insekt som i neste omgang polinerer andre planter. Derimot har ein del av sortane digre torner som nesten er umoglege å få ut om eg får ei gjennom huden når eg lukar ugras.

- Litt paradoksalt at du driv med plantevekster som ikkje har blomar når du samstunder er birøktar.

- Jau, det kan du seia.

Til toppen