– Dette er sanne idrettsglede

På Kvåle stadion blei Løveleikane arrangert for tredje gong. Ordførar Jarle Aarvoll blei med på nokre øvingar.

Sogndal: Det regna mykje, men det stoppa ikkje idrettsgleden. – Dette er det tredje året Løveleikane er arrangert og eg smile meir frå år til år, seier Jarle Aarvoll etter å ha vore med sjølv på nokre av øvingane. Aarvoll fekk æra å opne årets Løveleikane.

– Dette er sanne idrettsgglede. Det er viktig for oss alle. Det er viktig for dei med startnummer på magen og for oss andre å vere i aktivitet. Men først og fremst å ha det kjekt.

Ingen aldersgrense

Løveleikane er ein aktivitetsdag for deltakarar med ei utviklingshemming. –Alle frå nul til hundre kan vere med, vi har ingen aldersgrense, seier Iren Nordheim frå trimgruppa i Sogndal idrettslag.

Det var deltakarar frå heile fylket, Stryn, Svelgen, Jølster, Leikanger, Luster, Sogndal, Balestrand og Gaular. – Vi har plass til fleire frå fleire kommunar.

Meistring og moro

 – Det er ikkje alle som har prøvd ut friidrett eller orientering. Så det er kjekt for dei å kunne ha ulike aktivitetar å drive på med, fortel Nordheim. På Løveleikane handlar det ikkje om å vinne. Her skal alle ha ein kjekk dag der meistring og moro står i fokus.

Til toppen