UTBREND: Politiet inspiserer feiebilen som brann i Fjærlandstunnelen seint måndag kveld. Foto: Jo Marius Bøyum
UTBREND: Politiet inspiserer feiebilen som brann i Fjærlandstunnelen seint måndag kveld. Foto: Jo Marius Bøyum

Dette er status for dei røykskadde etter at denne feiebilen byrja å brenna 

Dei tretten personane som måtte flygast til Førde sentralsjukehus etter brannen i natt er alle i 20- og tidleg 30-åra.

Sogndal/Jølster/Førde: – Det ser ut til å ha gått bra med alle, men må ha vore litt av ei oppleving, seier Per Marifjæren, kommunikasjonsrådgjevar i Helse Førde.

Då ein feiebil starta å brenna om lag ein kilometer inne i Fjærlandstunnelen frå jølstersida seint måndag kveld var ei kolonne med seks personbilar og ein tankbil på veg gjennom. Det førte til at 13 personar vart røykskadde og måtte flygast til Førde sentralsjukehus med ambulansehelikopter og Sea King.

Les også: Feiebil tok fyr i tunnel – 13 personar røykskadde

To blir liggjande for observasjon til onsdag

Litt før klokka 13 tysdag kan kommunikasjonsrådgjevar Marifjæren opplysa at status er følgjande:

– Det er snakk om lettare røykskader for alle. Ein er skriven ut allereie, to blir truleg liggjande til observasjon i morgon så me er sikre på at dei er heilt bra når dei blir skrivne ut. Dei ti andre ligg an til å bli skrivne ut i løpet av dagen i dag.

Han opplyser vidare at av dei tolv som no ligg på sjukehuset er det åtte menn og fire kvinner, alle mellom 20 og 34 år. 

– Dei kom frå fleire ulike bilar, seier Marifjæren.

Trafikale utfordringar

Ulukka fører også med sag trafikale utfordringar; rv. 5 er stengt ved Fjærlandstunnelen og vil truleg bli det i mange dagar.

Les også: Fjærlandstunnelen blir stengt i fleire dagar

Difor blir det omkøyring via rv 55 Sogndal-Hella og fv 55 Dragsvik-Vadheim så lenge rv. 5 er stengt, noko som vil føra til vesentleg auka trafikk på ferjesambandet Hella – Dragsvik. I tillegg er det vanlegvis arbeid i Høyangertunnelen som strekkjer seg frå Høyanger til Hellevik, men dette arbeidet vil opphøyra ei tid no så det blir fri ferdsel gjennom tunnelen, melder Sogn Avis.

I tillegg kan det bli aktuelt å framskunda opninga av Gaularfjellet for å ta unna noko av den auka personbiltrafikken som kjem som følgje av stenginga av rv. 5 – i alle fall om det dreg ut å få opna denne vegen.

– Det blir jobba der oppe også, men det vil gå nokre dagar. Dette er ikkje ein veg me kan opna opp sånn i hurten og sturten. Akkurat når denne vegen blir opna, veit me ikkje, seier Svenn Egil Finden, avdelingsdirektør i Statens Vegvesen til avisa

Til toppen