Indre Sogn: Regnet er i ferd med å stilna dei fleste stader, og flaumen ser ut til å vera på veg tilbake. Fleire vegar har òg blitt opna i løpet av måndag, men enkelte er framleis stengde. Under får du heile lista over vegane som er råka.
Me vil prøva å halda ho oppdatert så godt me kan:
Dette er status på vegane i Indre Sogn:
- Fv 337 mellom Veitastrond og Hafslo er stengt på grunn av steinras. Blir ikkje opna i dag. Stengt ved Sågi. Ny vurdering tysdag klokka 11.00.
- Fv 331 mellom Skjolden og Urnes er opna att etter opprydding. Vegen vart stengt søndag grunn av jordras og fare for nye ras.
- Fv 333 Skjolden-Mørkrid er stengt på grunn av flaum. Blir ikkje opna i dag. Ny vurdering tysdag klokka 09.00.
- Fv 55 Sognefjellet er opna att klokka 13.00 måndag. Vegen var stengt på grunn av flaum.
- Fv 53 mellom Årdalstangen og Fodnes opna att klokka 12.00 måndag. Vegen vart stengt i 23-tida søndag på grunn av steinras.
Kjelde: Statens vegvesen. Sist oppdatert 15:14, blir ikkje oppdatert meir måndag.