Aurland: – Eg trur nok det er heilt tilfeldig. Men det er heilt klart fleire kvinnelege leiarar enn mannlege leiarar i reiselivet i Aurland, seier Aud Melås.
Sjølv er ho dagleg leiar for Flåmsbrygga Hotell AS, Ægir Bryggeripub AS, Ægir Eigedom AS og Flåm Turistesenter AS. Ho er også styreleiar i Flåm Guideservice AS og Sognefjorden Næringshage AS.
Litt av ei liste, med andre ord. Men, åleine er ho på ingen måte. Reiselivet i Aurland har kvinnelege leiarar i rikt monn. Og det vart lagt merke til av næringsminister Monica Mæland då ho var på besøk i Aurland for knappe to år sidan
– Det var ordførar Noralv Distad tok initiativet til å visa fram verksemdene i kommunen og kva dei gjer. Me var på Ægir og fortalde om verksemdene; då tykte Mæland det var utruleg at det fanst så mange kvinnelege eigarar og leiarar her.
15 prosent daglege leiarar i AS er kvinner
I ein artikkel i E24 i haust kom følgjande tal fram: På landsbasis er berre 7 prosent av toppleiarar på øvste nivå i verksemder i Noreg kvinner, viser tal frå SSB.
På andre leiarnivå er 20 prosent kvinner og på tredje nivå er 30 prosent kvinner. 15 prosent av daglege leiarar i aksjeselskap er kvinner, medan berre 6 prosent av toppleiarar på øvste nivå i børsnoterte selskap er kvinner.
– Debatten handlar ofte om at dette er vanskeleg eller kvifor kvinner ikkje vil vera leiarar. Me valde ein mer positiv innfallsvinkel og ønskja å finna ut kva dei som lukkast best gjer, sa NHO-sjef Kristin Skogen Lund til E24.
Det NHO gjorde var å setja opp ei liste over tiltak som kan hjelpa til å auka kvinnedelen. Eitt av punka er følgjande:
«Avmystifisera leiarrolla og syta for møteplassar
Leiarrolla må avmystifiserast, slik at fleire ser det som attraktivt å ta ansvar. Gjer det tydeleg kva leiarrolla er, og kva den ikkje er. Skap nettverk der kvinnelege leiarar kan dela erfaringar med andre kvinner, og framhev rollemodellar.»
– Felles utfordringar og felles løysingar
Nettopp dette med nettverk og møtestader har reiselivet i i Aurland verkeleg teke på alvor:
– Etter møtet med Mæland vart me sitjande og prata om felles utfordringar og felles løysingar. Å sitja slik ihop var givande i staden for å sitja på kvar sin haug. Spesielt hadde me fokus på heilårsdrift; korleis få bort dei store svingingane og få meir heilårs arbeidskraft – kva skal til?
Det var starten for bedriftsnettverket Embla, der 14 kvinnelege leiarar og bedriftene dei leiar har forplikta seg til å prioritera utviklingsarbeid innanfor reiselivet.
Les også: Kvinner dominerer reiselivet i Aurland
– Me får eit samarbeid på tvers, noko som kanskje ikkje var så bra før. Me har mykje dei same problemstillingane og kan kopiera løysingar hjå kvarandre. I høve det å få til heilårsdrift, er det mykje som skal på plass. Det skal vera aktivitet, hotellrom, mat, infrastruktur og transport oppe og gå – alt som skjer i hovudsesongen må også skje i skuldersesongane og på vinteren.
– Har gitt resultat
Visjonen og misjonen til nettverket har også gitt konkrete resultat, fortel Melås:
– Me ser ein substansiell auke i vinterturismen. Også andre verksemder som ikkje hovudsakleg er reiselivsversksemder ser auke no. Det kan ha med andre ting å gjera også; sterk euro og dollar i høve krona, så me skal ikkje ta all æra.
– Kan Embla gjera at det blir enno fleire kvinnelege leiarar i Aurland fordi ein då har eit nettverk å støtta seg på, pluss at det kanskje gir noko signaleffekt?
– Ja, det trur eg. Og me ser at det ikkje er alle som er med i dette nettverket – dei trur tek så mykje tid, men me er opne for å bli fleire og tilpassa oss. Dette treng ikkje berre omfatta reiselivet, det kan bli tverrfagleg. Dessutan; for veldig mange verksemder i Aurland har turismen noko å seia på eit eller anna plan.
Historisk forklaring?
Men så var det dette med korleis ein har fått så mange kvinnelege leiarar i reiselivet i akkurat Aurland, då. Kanskje mykje tilfeldig – men Melås ser ikkje vekk frå at det kan liggja noko ibuande i kvinner frå Sogn som gjer ein ekstra godt rusta for leiarskap.
– Dette er berre noko eg tenkjer, men viss ein ser heilt tilbake til vikingtida var mennene ute på tokt medan kvinnene måtte klara seg sjølve; styra garden, ungar, buskap – alt. Kvinnene vaks opp i tronge kår i tronge fjordar, og Aurland har langt på veg vore avstengt opp gjennom heile historia – heilt til dei siste tiåra. Kvinnene som har budd her opp gjennom har tenkt; korleis skal eg livnæra meg? Og slik trur eg mange er vorte sterke og kreative. I tillegg har me fått friskt blod utanifrå.