FABRIKK: Pila syner kvar pelletsfabrikken kan bli plassert og dei gråe firkantane er husa i området, altså dei berørde naboane. Teikning: Cubus/Porten.no.
FABRIKK: Pila syner kvar pelletsfabrikken kan bli plassert og dei gråe firkantane er husa i området, altså dei berørde naboane. Teikning: Cubus/Porten.no. (Foto: Cubus)

Dette er støygrensene

Utandørs støy på meir enn 55 desibel bør ikkje bebuarar i bygde-Noreg måtte finna seg i, meiner Støyforeningen.

Lærdal: Den absolutte grensa for innandørs støy frå utandørs støykjelder er 42 desibel. Dette er nedfelt i forureininglova.

Men Ulf Winther, generalsekretær i Støyforeningen meiner det vil vera heilt urimeleg at naboar av industri skal måtte utsetjast for slike støynivå:

– Då regelen kom i 2004 var grensa sett for å fastslå botnnivået av tålt støy i alle gamle saker, gamle byngingar som venta på ei løysing, og ein juridisk regel som kunne utløysa tiltak.  Så det er å skru klokka mange tiår tilbake om 42 desibel skal være førande for ein ny fabrikk.

Les også: – Kan me bu her i framtida?

Raud og gul sone

Winther viser derimot til "Retningslinje for handsaming av støy i arealplanlegging - T-1442", utferda av Klima- og miljødepartementet i 2012. 

I følgje desse retningslinjene kjem ein opp i såkalla raud sone dersom den utandørs støyen for ein bebuar er over 65 desibel - føresett at det ikkje førekjem såkalla impulslyd, det vil seia kortvarige, støytvise lydtrykk med varigheit på under eitt sekund.

– 42 desibel er grensa for støynivå inne i nabohuset til støykjelda, med lukka vindu og ventilar. For å oppnå dette støynivået må støynivået ute normalt liggja i raud sone, altså blir uteområdet utriveleg og ueigna til rekreasjon, seier Winther.

Støy under 65 men over 55 desibel ligg i gul sone. På bygda meiner Winther innbyggjarane ikkje skal måtte finna seg i industristøy på dette nivået heller.

– I byar blir det annleis fordi det er mange støykjelder og gjerne ikkje finst alternativ.

Artikkelen held fram under biletet

TRANSPORT: Slike energibrikker produsert på Kaupanger skal transporterast til Håbakken om det kjem pelletsfabrikk der. Denne transporten, samt klakkelydar av tømmeret, er støykjeldene som gjer bebuarane i området uroa: Arkiv
TRANSPORT: Slike energibrikker produsert på Kaupanger skal transporterast til Håbakken om det kjem pelletsfabrikk der. Denne transporten, samt klakkelydar av tømmeret, er støykjeldene som gjer bebuarane i området uroa: Arkiv

Kjøleskapdur er om lag 40 desibel

Kveldstid, definert frå klokka 19 til 23, er støygrensene fem desibel lågare enn dagtid. Altså er alt over 60 desibel raud sone og frå 50 til 60 desibel gul sone i dette tidsrommet.

Normal stemme høyrd på ein meters avstand ligg vanlegvis på mellom 55 og 60 desibel. Eit kjøleskap i eit lite kjøken generer om lag 40 desibel.

Nemnde "Retningslinje for handsaming av støy i arealplanlegging - T-1442" er ikkje ei forskrift og såleis ikkje noko kommunane er pålagd å følgja. 

– Denne blir først juridisk bindande viss eller når kommunen har vedteke at desse retningslinjene skal liggja til grunn for planlegging og godkjenning av ein fabrikk. Men eg går ut frå at kommunen vil ha ein fabrikk som tilfredsstiller moderne støykrav, seier Winther.

Les også: – Naboane skal vera skadelause

  

Til toppen