VEGEN Å GÅ: Rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Rasmus Stokke, er overtydd om at ein fusjon er vegen å gå på Vestlandet. Her frå då høgskulestyret handsama fusjonen i mai. Foto: Katrine Sele.
VEGEN Å GÅ: Rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Rasmus Stokke, er overtydd om at ein fusjon er vegen å gå på Vestlandet. Her frå då høgskulestyret handsama fusjonen i mai. Foto: Katrine Sele.

– Dette er til det beste for framtidig høgskuleutdanning

Rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Rasmus Stokke, er overtydd om at ein fusjon er vegen å gå på Vestlandet.

Sogndal: Torsdag i neste veke skal dei tre høgskulestyre i Berge, Sogn og Fjordane og Stord/Haugesund ta stilling til fusjonsavtalen som er jobba fram den siste tida.

Seier alle tre styra ja, skal fusjonen og den nye Høgskulen på Vestlandet opprettast, og ein får ein heilt ny skulestruktur for høgare utdanning på Vestlandet.

– Dette har vore ein lang prosess med strukturmeldinga, eksterne og interne utgreiingar, analysar og forhandlingar. Når eg no ber styret om å seie endeleg ja til ein fusjonsavtale, er det fordi eg er overtydd om at dette er til det beste for ei framtidig høgskuleutdanning, både i Sogn og Fjordane og på Vestlandet, seier Rasmus Stokke, rektor for HiSF, til skulen si heimeside.

Ønskjer å utvikle nye utdanningar

Struktursaka starta allereie for to år sidan då statsråd Torbjørn Røe Isaksen bad alle dei statlege institusjonane innan høgare utdanning om å skissere sine ønske til framtidig organisering i eit landskap med færre institusjonar, ei krevjande demografisk utvikling og høgare krav til akademisk standard.

– Me har mange utdanningar me skal ta vare på i framtida. Me ønskjer å utvikle nye utdanningar det er behov for i fylket, og fleire spesialiserte utdanningar på masternivå, seier Stokke.

– Dette er krevjande arbeid, og me vil ha best sjanse til å lykkast med ressursane og nettverka vi får tilgang til innanfor ein ny, stor høgskule. HiSF-styret må no ta stilling til om vi skal bli med på å bygge opp den nye Høgskulen på Vestlandet, som også har ambisjon om å bli universitet.

– Viktig for lærarutdanninga

Spesielt lærautdanninga vil ein ny høgskule vere viktig for etter som skulen vil legge til rette for eit breiare lærarutdanningstilbod enn dei tre høgskulane ville klart kvar for seg.

– Eg meiner at me har fått ein offensiv fusjonsavtale som vil gje oss ein fagleg sterk og tydeleg ny kunnskapsinstitusjon. Den skal utviklast i nært samarbeid med samfunns-, nærings- og arbeidslivet i vestlandsregionen.

– Den vil også bygge på hovudtrekk ved vestlandsk kultur, næring og tradisjonar, og ha nynorsk som hovudform, noko eg er svært glad for, seier Stokke.

Til toppen