OPPVEKST: Annike Vanberg i gangane på Ljøsne skule, der ho er kontaktlærar for 5. og 6. klasse. Foto: Ina Eirin Eliassen
OPPVEKST: Annike Vanberg i gangane på Ljøsne skule, der ho er kontaktlærar for 5. og 6. klasse. Foto: Ina Eirin Eliassen

Dette er toppkandidaten til Lærdal SV

Annike Vanberg (40) toppar nominasjonslista til Sosialistisk Venstreparti i Lærdal.  

Etter å ha stått på 9. plass på SVs valliste i to periodar, synest Vanberg tida er moden for å bidra og vera med å skapa endring. 

– Det er lett å klage og å meine mykje, men det skapar ingen endring. Dette er ein fin moglegheheit til å vera med å bidra. No følte eg at eg har tid og energi til å gjere det, fortel Vanberg. 

Trygg i gruppa

Då ho fekk spørsmål om å stå øvst på lista til Lærdal SV, var litt at grunnen til at Vanberg tora å seie ja og ta på seg ei slik utfordring, at ho kjenner ho har ei sterk partigruppe i ryggen.

– Ein står ikkje åleine i Lærdal SV, det er ei dyktig og erfaren gruppe og eg blir ein del av eit sterkt lag, seier ho. 

– Kva forpliktar tilliten?

– Eg tek ikkje lett på oppgåva. Det er mykje jobb å vera lokalpolitikar, det forpliktar at eg brukar mykje tid til å setje meg inn i sakene og at eg er flink til å lytte til folk. Det er ein grunn til at vi alle har to øyrer og ein munn, og som politikar er det ekstra viktig å hugse på. Eg er med fordi eg har lyst til å bidra. Det skal syne kva parti eg representerar, SV trengst i kommmunane, seier Vanberg.  

Oppteken av levande bygder

Vanberg fortel SV er oppteken av å styrke kontakten mellom dei som bur i Lærdal og politikarane. Det er også viktig for ho at heile bygda skal vera levande og at ein framsnakkar kvarandre. 

– Eg er oppteken av at alle dreg i same retning, slik at ein løyser oppgåver på best mogleg vis gjennom samarbeid. Eg har inntrykk av at mange her i Lærdal er engasjerte. Det ser ein jo berre på vallistene. Det er mykje engasjement og mange som vil bidra. Det er flott, seier ho. 

Vanberg er frå Olden i Stryn kommune, men flytta til Lærdal i 1998 etter studiar i Sogndal. Ho jobbar no som kontaktlærar for 5. og 6. klasse på Ljøsne skule. Der har ho vore i sju år. Vanberg har også jobba ti år på Borgund skule.

SVs valliste

Årets liste til kommunevalet hausten 2015 har ein god miks av nye og meir erfarne medlemmar. Den vart klar på nominasjonsmøtet til Lærdal SV sist onsdag. 

Vanberg fortel at SV håpar å gjere eit like godt val som sist, sjølv om to representantar til kommunestyret er meir realistisk mål, enn tre som det har vore i noverande perioden. 

Andreplass på nominasjonslista til Lærdal SV er Øyvind Hamre. Han er frå Sogndal, men rekner seg som lærdøl etter 19 år i kommunen. Hamre jobbar på Lærdal kulturhus, og meinar politikk handlar om felles verdiar og prioriteringar rundt kva samfunn me vil ha. 

Programmet til Lærdal SV er enno ikkje offentleg, men kultur, oppvekst og nærleik til kommunale tenester i ei eventuell kommunesamanslåing er nokre av dei viktige satsingsområda. 

Her får du Lærdal Sosialistisk Venstreparti sin liste til kommunevalet 2015: 

1. Annike Vanberg (f. 1974)

2. Øyvind Hamre (f. 1968)

3. Anne Marie Hovland (f. 1946)

4. Jens Rikheim (f. 1961)

5. Ingjerd Leirstein Bøkenes (f. 1968)

6. Iris Blaaflat (f. 1983)

7. Ingebjørg Voll (f. 1958)

8. Jan Olav Fretland (f. 1950)

9. Laila Irene Elvagjeng (f. 1961)

10. Siv Hege Glorud (f. 1972)

11. Ingrid Vindedal (f. 1956) 

12. Anna Jorunn Avdem (f. 1952)   

13. Øystein Bratteteig (f. 1956)

14. Kristin Bolstad (f. 1952)

15. Berit Vangen (f. 1960)

16. May Sonja Myrmel (f. 1973)

17. Anne Sofie Ljøsne (f. 1945)

Til toppen