– Dette er ungane sin kveld

Slik gjekk det då det var juletrefest på Ljøsne skule.

Ljøsne: Tysdag kveld var det juletrefest på Ljøsne skule, og dei 42 elevane var fulle av forventning og spente.

– Dei har øvd og øvd i vekesvis, fortalte rektor Eva Hage Solstad.

Når det er juletrefest, er dette ein kveld for ungane, der foreldre og besteforeldre får sjå dei utfalde seg kreativt på scena. 

Denne kvelden var gymsalen på Ljøsne skule pynta til fest med småbord dekt med stearinlys, småkaker, nytrekt kaffi og brus.

Dette kunne nytast medan Juleevangeliet vart framført etterfulgt av songen «Draumen om fred» som elevar frå 3. og 4. klasse framførte. 

Det var også utdrag frå «Jul på Månetoppen», som sikkert mange kjenner frå fjernsynet. I spelet lagde dei graut over bålet, raudnissane og blånissane saman.

Inspirasjon henta dei også frå «The Julekalender», som 7. klasse framførte. Mellom anna var det ein sketsj med dei to figurane Gjertrud og Olav og flotte musikkinnslag. 

Lærarane hadde også planlagt ei overrasking. Som ei avslutning kom dei inn på scena utkledde og framførte den velkjende songen «What does the fox say», som Ylvis-brødrene har hatt stor suksess med. 

Til toppen