FAST TRADISJON: Det er mars, det er måndag og klokka er fem minutt over sju. Badegjengen i Sogndal held det gåande heile året. Framme frå venstre: Ingebjørg Vikesland og Mai-Evy Bakke. I midten frå venstre: Jøril Hovland, Kari Marie Navarsete, Jofrid Rogne, Anny Uglum Reppen, Gro Hovland, Astrid Hove og Agnes Fotland. Bak: Anne Marie Sande og Christiane Edwardsen.
FAST TRADISJON: Det er mars, det er måndag og klokka er fem minutt over sju. Badegjengen i Sogndal held det gåande heile året. Framme frå venstre: Ingebjørg Vikesland og Mai-Evy Bakke. I midten frå venstre: Jøril Hovland, Kari Marie Navarsete, Jofrid Rogne, Anny Uglum Reppen, Gro Hovland, Astrid Hove og Agnes Fotland. Bak: Anne Marie Sande og Christiane Edwardsen.

Dette gjer dei kvar måndag morgon heile året 

– Noko galskap skal ein driva med.

Sogndal: Det starta i 2007. Jøril Hovland frå Sogndal gjekk gjennom ei vanskeleg tid i livet. Ei venninne føreslo å starte veka på verst mogleg måte: stå opp grytidleg og hoppe i fjorden, same kor kaldt det var.

Tanken var å overvinne seg sjølv kvar måndag klokka sju. Då vart kanskje resten av veka litt enklare.

– Så breia det om seg, mange ville vera med etter kvart. Me har sagt at den som vil er hjarteleg velkomen, seier Hovland, som er fast vertskap for isbadarane. 

Les også: Iskaldt bad på Sjøkanten

SOSIALT: Alle som vil er velkomne i gjengen. – Når nye kjem til bygdi er det ein fin plass å bli kjent med folk, seier vertinne Jøril Hovland (heilt til venstre). 
SOSIALT: Alle som vil er velkomne i gjengen. – Når nye kjem til bygdi er det ein fin plass å bli kjent med folk, seier vertinne Jøril Hovland (heilt til venstre). 

Mannfolka feiga ut

Frå huset hennar går det ei trapp frå huset og rett ned i Barsnesfjorden. Så lenge den ikkje frys over, vel og merke. Om vinteren må ho ofte fram med øksa.

– Det er min jobb å hogga isen slik at me kjem uti. Det kan vera litt arbeid, for sjøisen kan vera utruleg seig. Ein gong greidde eg berre å hogga eit hol på maks førti centimeter, så det var ikkje alle som kom seg uti, fortel Hovland.

Det kunne fort blitt eit stunt som varte nokre veker. Ti år etter driv dei framleis på og gruppa har berre vakse, frå to til ti-femten. Hovland trur ho veit kva som får damene til å kome att.

– Det er sjølve opplevinga. Du trur det er kaldt og du trur det er vondt, men når du har gjort det eit par gonger, då er det motsett. Då kjenner du at dette er fantastisk godt og ikkje så skummelt som du trudde på førehand. Sjølv om det er is og mange kuldegrader, så er det ei ekstremt god oppleving, seier ho. 

– Og så har det har blitt ein hyggjeleg møteplass etterkvart. Her er det folk som ikkje kjenner kvarandre frå før på noko vis. Når nye kjem til bygdi er det ein fin plass å bli kjent med folk. Det er stor breidde i alder, frå tretti til sytti år.

– Men berre damer, då...

– Ja, no er det eit krav. Men til å begynna med så utfordra me menn òg, men me fekk dei ikkje med, seier Hovland og ler i overkant hjarteleg.

Kur for frosne sjeler

Etter eit kjapt bad kjem gjengen inn att til fyr i peisen, fersk kaffi og kavring. Frukosten har folk med seg sjølv.

– Då sit me her og kosar oss og pratar, om det som har skjedd i helga, om det som skal skje resten av veka. Eigentleg om alt frå huskattar til politikk, seier Hovland.

Motivasjonen som fekk dei til å bli med varierer frå person til person. Men dei færraste rekna seg sjølve som tøffingar før dei begynte.

– Eg skulle berre overvinna meg sjølv, for eg var ei slik som aldri i livet skulle bada og eg var ein skikkeleg frostpinn. Men etter å ha bada i ni år så frys eg mykje mindre, seier Gro Hovland.

– Eg var lausmunna. Eg var på bursdagsbesøk hos Jøril ein gong. Og det var det, seier Agnes Fotland.

– Noko galskap skal ein driva med. Det er litt krydder i kvardagen å gjera noko som pushar deg, seier Kari Marie Navarsete.

Etter måltidet er alle friske og opplagte og klare til å ta fat på resten av dagen og veka. Om sju dagar er dei alle på plass att. 

– Eg er ekstremt takknemmeleg for at dei møter opp, for eg hadde aldri gjort dette åleine. Eg hadde ikkje greidd å gjennomføra det. Då hadde eg kome på unnskuldingar, seier Jøril Hovland.

Til toppen