VER VAKEN: Denne hjorten følgde skiltinga etter riksveg 5 i Lærdal i fjor vinter. Arkivfoto: Jan Christian Jerving
VER VAKEN: Denne hjorten følgde skiltinga etter riksveg 5 i Lærdal i fjor vinter. Arkivfoto: Jan Christian Jerving

Dette gjer du om du køyrer på hjort

Som bilist har du ei plikt om du skulle vera så uheldig å køyre på hjort. Men kva i all verda gjer ein like etter smellen?

Mørketida har for alvor sett inn i Indre Sogn og etter vegane dukkar det opp hjortar som lyn frå klar himmel. 

Ser du eit dyr i naud eller om du har vore så uheldig å støyte på ein hjort med bilen, har du plikt etter vegtrafikklova om å kontakte politiet (på telefon 02800), slik at dei kontaktar den lokale viltnemnda, som har ansvar for søk og avliving av skadde dyr. 

GIR TIPS OG RÅD: Søren Ørbech Mo, ettersøksjegar for Årdal Jeger og Fiskarforening, som samarbeidar om felles ettersøksring for Årdal og Lærdal. Det er kommunane som har ansvar for å følge opp skada vilt. Arkivfoto
GIR TIPS OG RÅD: Søren Ørbech Mo, ettersøksjegar for Årdal Jeger og Fiskarforening, som samarbeidar om felles ettersøksring for Årdal og Lærdal. Det er kommunane som har ansvar for å følge opp skada vilt. Arkivfoto

– Alle har ei plikt til å gjera noko om ein køyrer på ein hjort, på lik linje som ved ei trafikkulykke, elles kan det føre til straffbare reaksjonar, fortel Søren Ørbech Mo, ettersøksjegar for Årdal Jeger og Fiskarforening, som samarbeidar om felles ettersøksring for Årdal og Lærdal.

Merk plassen – ikkje skrem dyret

Mange får hjertebank etter ei viltpåkøyrsel. Mo fortel at han har vore borti mange tilfelle der folk ikkje tenkjer rasjonelt etter ei påkøyrsel, noko som kan vera med å gjera ulykka større. 

Det er viktig at du ikkje stoppar bilen midt i vegen, slik at du skapar trafikkfarlege situasjonar. Ring politiet og ta på deg refleksvest før du roleg går ut for å merke staden, til dømes i autovernet eller eit tre, med refleks eller ein plastpose, slik at viltnemnda veit kor dei skal starte søket. 

– Sjølv om du kanskje berre vil hjelpe, gå for all del ikkje gå bort til dyret eller leit etter hjorten med lommelykt. Etter ein smell vil dyret gjere som eit menneske, sprette oppatt for å kome seg unna, før ein kjenner på skaden og legg seg ned i skogkanten. Går du etter hjorten vil du berre skremme dyret, slik at hjorten spring langt til skogs og er vanskelegare å finne. For hjorten er du som menneske ein trussel, fortel Mo. 

Artikkelen held fram under biletet

HENG I LAG: Ser du ein hjort etter vegen, er det nok fleire like i nærleiken. Arkiv
HENG I LAG: Ser du ein hjort etter vegen, er det nok fleire like i nærleiken. Arkiv

Det er også greitt at du tenkjer på kor stor fart du hadde før smellen, kvar hendinga skjedde, om dyret var stort, eventuelle skadar og at du legg at telefonnummeret ditt hos politiet, slik at ettersøksringen kan få meir informasjon om du ikkje har tid til å vente på at dei kjem til staden. Mo fortel at han har opplevd å få telefon ein time etter ein hjortepåkøyrsel, der det einaste informasjonen var at uhellet skjedde ein plass i Lærdalsdalen, som er over 4 mil lang. Då er det ikkje lett å gjera ettersøk for å hjelpe dyret. 

Du skal ikkje avgjere kor alvorleg det er

Mo fortel at det er ettersøksringen som skal avgjere kor hardt skadd hjorten er. Dei kjem raskt til staden og gjer søk med hund for å finne dyret slik at den ikkje skal lide meir enn naudsynt.  

– Kanskje trur du at det berre var ein liten smell og at hjorten ikkje vart hardt skada, men det er opp til kvalifiserte å avgjere. Me har funne dyr mange dagar etter ei påkøyrsle med store smertar då hjorten kanskje har brote av ein fot. Kjem hjorten til dømes borti spegelen kan den faktisk brekke kjeven, slik at den ikkje får i seg vatn. Då går det sakte med sikkert nedover medan dyret pines, fortel Mo. 

Varslingsskilt er der for ein grunn

Mo fortel at det er diverre mange som ikkje veit heilt kva dei skal gjere ved slike hendingar, og difor berre køyrer vidare. 

– Som sagt er det ikkje sjåføren som skal avgjere korleis det gjekk med hjorten. Får me meldingar om at på akkurat den strekka er det mange dyr som blir påkøyrd, veit me at det er eit kryssingspunkt for hjortar, slik at ein kan sette inn tiltak, fortel Mo. 

Artikkelen held fram under biletet

IKKJE FOR MORO SKYLD: Skilt som åtvarar trafikkantar om hjort kjem opp som eit tiltak etter registreringar av dyr over lang tid.
IKKJE FOR MORO SKYLD: Skilt som åtvarar trafikkantar om hjort kjem opp som eit tiltak etter registreringar av dyr over lang tid.

Difor må du respektere og ta på alvor skilting som åtvarar om hjort. Møter du på blinkande hjorteskilt, er det eit døme på tiltak som har kome på plass etter registreringar av at det er eit kryssingspunkt hjortar har brukt over lang tid.

For å få att på forsikringa er også ein årsak til at det er viktig å melde inn hjortepåkøyrslar til politiet.  

Gode tips for å unngå smellen

– Det er flaks at det går så bra med alle påkøyrslane me har av hjort her i Lærdal og Årdal. Me har også vore heldige denne sesongen med ein mild haust, slik at me knappe har hatt påkøyrslar, fortel Mo.

Likevel ber han folk vera vakne for dyr etter vegen og spesielt merksame ettersom det blir kaldare i vêret. Då trekker hjorten ned mot vegane.

Mo rådar ikkje folk til å blinke med lysa for å syne andre bilistar at her er det hjortar nær vegen. Stoppar du opp for ein hjort som vil kryssa vegen, kan det likevel vera greitt å blinke med lysa medan du står i ro, for å syna møtande trafikk at her er det noko som skjer. 

Ifølgje Norges Automobilforbund (NAF) sine tips for å unngå viltpåkøyrslar, bør ein la mobilen få kvile medan du er ute å køyrer. Bruk også blikket, slik at du får med deg bevegelsar i vegkanten eller refleksjon frå dyreauge.

​Det er verd å tenka på at hjortevilt vandrar som regel meir i skumringa på morgon en og ettermiddagen, altså meir på natta enn på dagen. Dei held som regel i hop i små flokkar, så om du ser ein hjort kan det brått koma fleire. 

Mo minnar om at på butikkar og bensinstasjonar er det lagt ut informasjon og refleksband, som du kan ha i bilen i tilfelle ulykka er ute. 

Til toppen