Sogndal: Sogndalselvi renn rett forbi lesesalane på Høgskulen og mange av studentane har utsyn til dei frådande vassmassane frå hybelglaset. Likevel består elvepadlarmiljøet i Sogndal førebels berre av nokre få dedikerte utøvarar.
Men det kan vere i ferd med å endre seg.
– Sogndalselvi er verdenskjent blant elvepadlarar. Me har tre fossar på mellom seks til åtte meter som kjem rett etter kvarandre, noko som er ganske unikt og trekkjer elvepadlarar i heile verda. Men det er ikkje så mange som veit om det utanfor miljøet, seier Helge Martinsen, elvekajakkansvarleg i Sjøspretten.
Les også: Skal du til Norges nye skidestinasjon, må du ta Flåmsbana

– Fantastisk flott treningsarena
Akkurat no er det perfekte forhold i elva. Vassføringa er stor nok til at du slepp å dunke borti stein og men ikkje så stor at det blir farleg.
– Når det er vatn i elva slik som no, så er fleire av oss nedi i elva stort sett kvar dag. Det partiet som renn forbi Høgskulen er ein heilt fantastisk flott treningsarena for folk som har litt kompetanse, seier Martinsen.
Les også: No vil skisentera i Sogn satse på stisykling
Les også: Ski og sykkel trekkjer folk til Sogndal
Faregraden i elvepadling blir gradert frå ein til fem, der faregrad ein representerer flatt vatn og fem ugjer ein stor fare om du skulle miste kontrollen. Det såkalla skulestrekket forbi Høskulen er gradert til mellom tre og fire. Mellom anna bør du ha ei trygg og stabil rulle for å padle her.
– Så det er ikkje for nybyrjarar, men med litt trening på lettare elvar først, så er det ein perfekt plass å utvikle ferdigheitene vidare, seier han.
Ønskjer fleire padlarar til bygda
Men det er ikkje berre skulestrekket dei leikar seg i, heile elva frå dalavatnet til fjorden er eit eldorado for padleinteresserte. Strekket ovanfor høgskulen byr på mykje ekstrem padling i dei to øvste faregradane.

Og det er slikt som lokkar dei meir ekstreme utøvarane av sporten.
– Det er veldig kjekt og me prøver å få spreidd ordet. Me vil gjerne ha fleire elvepadlarar til bygda, for vi opplever aldri for mykje trafikk. Det er plass til mange fleire, seier Martinsen.
Ein ting som kan hjelpe dei med i misjoneringa er å arrangere konkurransar. Det er det planar om allereie til våren.
– Vi har tenkt å invitere folk hit på ein konkurranse når snøen byrjar å smelte. Men ellers driv me med dette mest fordi det er fantastisk gøy. Det er eigentleg vanskeleg å setje ord på, seier padlestudenten.