HELSE FØRDE: Ambulering handlar om at sjukehusa utvekslar overlegar og legespesialistar. Overlege Torgeir Finjord ser stor verdi i ordninga.
HELSE FØRDE: Ambulering handlar om at sjukehusa utvekslar overlegar og legespesialistar. Overlege Torgeir Finjord ser stor verdi i ordninga. (Foto: Arkiv / Helse Førde)

Dette gjer Helse Førde for å unngå å måtte bruke dyre vikarar

Aldri før har legane i Helse Førde ambulert så mykje mellom dei tre sjukehusa som dei gjer no.

Sogn: Å rekruttere kvalifisert personell til alle spesialiststillingane ved sjukehusa har lenge vore ei stor utfodring for Helse Førde. I ei pressemelding melder Helse Førde at ambulering handlar om at sjukehusa utvekslar overlegar og legespesialistar. 

– Eg trur det er ein føresetnad for å kunne halda oppe dagens sjukehusstruktur, seier avdelingssjef i medisinsk klinikk, Laila Haugland.

Tidlegare har løysinga vore eksterne rekrutteringsbyrå og dyre vikarstafettar. Haugland meiner det er urealistisk å tru at helseføretaket kan klare å få fast bemanning i alle spesialitetar ved alle tre sjukehusa, og meiner ambulering internt er den billegaste og medisinfagleg beste måten å løyse dette på. 

Fleire fordelar for både tilsette og pasientar

– Ved å tilby ein meir variert praksis blir det meir attraktivt for spesialistar å arbeide i Helse Førde, seier ho.

Ein anna gunstig effekt av ordninga er at dei medisinske spesialitetane oftare kjem nærare pasientane, slik at fleire kan sleppe lange reiser i samband med behandling i spesialisthelsetenesta.

– Eitt av måla vi har er å sikre lik medisinsk kvalitet ved alle sjukehusa, noko spesialistambulering definitivt er med på å sikre, seier avdelingssjef Kari Anne Indrebø ved ortopedisk avdeling.

Overlege Torgeir Finjord fortel at han ser stor veridi i at pasientane møter folk som faktisk kjenner forholda i fylket, og ikkje berre tilfeldige vikarar som kjem utanfrå.

– Dette knyter oss betre saman, både personleg og fagleg, seier overlegen.

Til toppen