Aurland: – Galskapen er fullkomen, seier Bjørn Ebne, ivrig jeger frå Aurland og sterkt engasjert i lagnaden til villreinen i Nordfjella.
Galskapen han siktar til er synet som møtte han i Vesterdalen på Aurlandsfjellet, etter at dei ti første centimetra med snø hadde lagt seg.
Ebne har lenge vore skeptisk til det mykje omtala gjerdet, som skal hindra at villrein frå det smitteråka området i Nordfjella trekkjer over fylkesgrensa. Tilsvarande gjerde finst òg på Hemsedalsfjellet.

Sjølv om det berre har kome eit tunt lag snø, har vinden drive han saman i skavlar.
– Det gjer at villreinen berre kan spasera over fleire plassar, seier Ebne.
Han meiner det ikkje skal mykje fantasi til for å førestilla seg kva som vil skje når snøen legg seg metervis.
Som om ikkje det var nok melder Aurlendingen at det røffe vintervêret gjer at entreprenøren som skulle byggje det millange sperregjerdet har avslutta arbeidet før tida.
Forøvrig er Ebne motstandar av bråhasten med å sanere ut villreinstammen i Nordfjella. Han meiner det fornuftige er å ta eit år eller to ekstra til hjelp. Dei nedsnødde gjerda berre understrekar det poenget, meiner han.
– Det me er redde for no, når kanonlaget skal skyta ned heile stammen, er at fleire dyr vil trekkja over. Sjølv om det ikkje har vore vanleg, når dei blir pressa og pressa og pressa, vil dei heile tida søka etter område dei får gå i fred og får beita, seier Ebne.
Porten.no har ringt fleire kjelder i Mattilsynet og Miljødirektoratet, men enno ikkje fått svar. Saka blir oppdatert så snart me får uttalar derifrå.