40 ÅR: Inge Raa (75) skulle ut å sjå til sauene då han plutseleg oppdaga eit nyfødt lam. Ein så sein fødsel har han ikkje opplevd på 40 år, fortel han. Foto: Jan Christian Jerving.
40 ÅR: Inge Raa (75) skulle ut å sjå til sauene då han plutseleg oppdaga eit nyfødt lam. Ein så sein fødsel har han ikkje opplevd på 40 år, fortel han. Foto: Jan Christian Jerving.

Dette har han ikkje opplevd på 40 år

– Eg trudde ikkje mine eigne augo, seier kårkall Inge Raa (75) på garden Raa på Ljøsne. 

Ljøsne: Dagen etter sauesankinga 12. september og sauene var heimattkomne frå fjellet skulle Raa ut i hagen for å sjå etter saueflokken.

Då vart han brått forundra, for plutseleg fekk han auge på eit nyfødt lam. 

– Eg har opplevd dette ein gong før. Det er over 40 år sidan, fortel Raa.

– Godt ho venta

Han forklarar vidare at han gjekk litt rundt omkring for å sjå om han fann fleire lam som gøymde seg i det høge graset, men det var berre dette eine lammet. 

Les også: Denne gjengen var skikkeleg på bææærtur

– Me hadde vore på sauesank dagen før, og me fann sauene våre borte ved Finnsholsbandet. Det er ein liten dagsmarsj herfrå og heim att.

Artikkelen held fram under biletet.

SPESIELT: Det er ingen biologisk sensasjon at lam blir fødd så seint, men ganske spesielt er det likevel. Her er det 14 dagar gamle lammet.
SPESIELT: Det er ingen biologisk sensasjon at lam blir fødd så seint, men ganske spesielt er det likevel. Her er det 14 dagar gamle lammet.

Inge Raa fortel vidare om sankinga han gjorde saman med sonen Petter Rumohr Raa og nokre kameratar. 

– Me var heldige og fekk ned alle beista. Så var det godt søya venta med å føda til ho var heimattkomen.

Opplevd dette ein gong før

Dette er nok truleg årets siste lammefødsel og er resultat av eit ukontrollert eventyr for sauen si side. Ungsøya vart slept ut på beite i år saman med eit par ungvêrar. Det ikkje nokon biologisk sensasjon, men litt spesielt er det sidan dette ikkje skjer så ofte.

– Sist eg opplevde dette var for 40 år sidan. Då fekk me eit lam rett før jul, ungane var små, så me tok lammet inn og tok bilete av det ved sidan av juletreet, hugsar han.

Det nyfødde lammet, som no er 14 dagar gamalt, stortrivst på garden og veks for kvar dag. 

Til toppen