Lærdal: – Den beste bursdagsgåva eg har fått nokon gong, seier engelskmannen.
Magisk grense
I heimlandet England er det storlaks først når fisken bikkar 30 pund, som tilseier 13,6 kilo. Nettstaden hooked.no fortel historia om John Carmichael, som byrja å fiska tidleg i tenåra, og som har fått mykje fisk sidan då. Men ingen laks på over 30 pund. Til han besøkte Lærdalselva i førre veke for å feira 70-årsdag.
Artikkelen held fram under biletet

– Dette var fantastisk, me håpar å sjå John tilbake i elva også neste år, melder organisasjonen Reddvillaksen, som kjenner godt til engelskmannen.
Carmichael fiskar hjå Mark Brooks på Tønjum i Lærdal, som fekk håva laksen. Den vart sett ut att i elva, så nøyaktig vekt veit ein ikkje. Men at den er godt over dei magiske 13,6 kiloa er det lita tvil om.
