– Dette har rett og slett vore moro

Vetti Gard og Turiststasjon har stengd dørene for sesongen, og Erling Eggum er klar i sin tale; – Me er strålande nøgde på alle måtar, og eg håpar me får driva denne staden også neste sommar, seier han.

Det var i slutten av juni at Erling Eggum i regi av Sitla Hotel opna dørene til Vetti Gard og Turiststasjon i Utladalen. Då hadde den populære turiststasjonen halde stengd året før.

Sjå fleire bilete i vårt fotogalleri øvst i saka. Bla med pilene (Alle foto: Siren B. Svortevik)

POPULÆRT I VETTI: Vetti Gard og Turiststasjon har hatt mange besøkande i sommar.
POPULÆRT I VETTI: Vetti Gard og Turiststasjon har hatt mange besøkande i sommar.

- Eg ville gjerne vera med på å gjera Årdal som reisemål enda meir attraktivt, og eg visste mange sakna dette tilbodet. Difor kontakta eg eigar Berit Vetti, og spurde om eg kunne driva staden i sommar, og eg fekk positivt svar, forklarar Eggum.

Auke i dagsturistar

 No er sesongen over, og Eggum sit attende med eit stort smil. 

- Eg gjorde ikkje dette for å tene pengar, men hadde eit håp om at det skulle gå rundt økonomisk. Alle tala er ikkje telde opp enno, men eg håpar og trur det skal gå bra, seier han til Porten.no 

I og med at dette er første sesongen han driv med dette, har han ikkje noko samanlikningsgrunnlag. Men èin ting er sikkert; folk har strøyma til Vetti. Han meiner ganske bestemt at dagstrafikken har auka enormt, og at talet på overnattingar har vore som tidlegare år.

- Eg veit at mange som driv med turisme i høgfjella har fått svi på grunn av den kalde sommaren, men det har me ikkje merka noko til i Vetti. Det må nok vera fordi me ligg såpass lågt i terrenget, slik at snø og kulde har me ikkje merka noko til, smiler han.

Artikkelen held fram under biletet

ATTRAKTIVT TURMÅL: Mange har sett Vettisfossen både ovanfrå og nedanfrå denne sesongen.
ATTRAKTIVT TURMÅL: Mange har sett Vettisfossen både ovanfrå og nedanfrå denne sesongen.

Vettisfossen populær

Fleire som har vore innom turiststasjonen i sommar fortel a

VETTISFOSSEN: Nord-Europa sitt høgaste fossefall i fritt fall på 275 meter.
VETTISFOSSEN: Nord-Europa sitt høgaste fossefall i fritt fall på 275 meter.

t dei har teke turen til Vettisfossen.

- Det er tydeleg at fossen er eit attraktivt reisemål blant turistar, seier Eggum.

Han trur også at dyra Stiftinga Utladalen Naturhus i samarbeid med Statens Naturoppsyn (SNO) har hatt ansvar for i Vetti, har gjort sitt til at staden har vore ekstra familievenleg.

Folk legg att pengar

Når det gjeld dagsturistar, er det særleg nysteikte vaflar, is, brus og kaffi som har blitt kjøpt.

Garden rommar 24 ordinære sengeplassar, og ein kunne kjøpa både frukost, niste, middag og kveldsmat. Eggum har eit prinsipp at det alltid skal vera plass til fjellvandrarar som treng overnatting.

- Det har sjeldan vore heilt fullt, men det har aldri vore tomt her om nettene, fortel Eggum.

- Kvar kjem turistane frå? 

- Frå heile verda vil eg seie. Men flest frå Nord-Euorpa. Eg kan nemna Tyskland, Polen, Slovenia, Nederland, Spania, Frankrike, dessutan ein del frå Amerika.

Mykje ros

Det er Lorita og mannen hennar frå Litauen som har stått for det meste av den

MYKJE ROS: Det er Lorita frå Litauen som har stått for det meste på kjøkkenet og reinhaldet  på soveplassane.
MYKJE ROS: Det er Lorita frå Litauen som har stått for det meste på kjøkkenet og reinhaldet  på soveplassane.

daglege praktiske drifta på kjøkken og rom.

- Eg har høyrt mykje skryt om Lorita. Ho har gjort ein svært god jobb, er smilande og inkluderande, seier Eggum.

Når det gjeld vøling av bygningar og området rundt Vetti, skryt Eggum av dugnadsarbeidarane Ole Morten Sunde og Magne Eldegard. - Fleire andre i "Morkagjengen" er også med og bidreg, seier Eggum. Han rosar også Dagny Dvergedal, som steppar inn når han har bruk for det. 

Kjekke folk

- Kan du trekkja fram kva som er spesielt moro i denne jobben? 

- Det må vera at folk som kjem hit, er i godt humør. Alle er trivelege, og er lette å ha med å gjera. 

- Kvifor stengjer de no i dette flotte haustvêret?

- Litt ulike årsaker. Men Lorita treng ferie. Dessutan har me merka at besøket har dabba av utover hausten. Men dette har vore eit prøveår frå mi side, og eg håpar å få halda fram her også neste sommar. Berit Vetti og eg har kontinuerleg kontakt.

Porten.no kjem attende med korleis det har gått med Stiftinga Avdalen Gard og Stiftinga Utladalen Naturhus i løpet av hausten.

Til toppen