REKORD: Rekordbustaden ligg midt i sentrum av Øvre Årdal, i eit gardstun som tidlegare vart kalla Endregarden. No vil kjøparen truleg utvikle eigedomen med fleire bustader. Meklar Hege Kulhuset håpar salet er eit teikn på at marknaden er i ferd med å snu.  
REKORD: Rekordbustaden ligg midt i sentrum av Øvre Årdal, i eit gardstun som tidlegare vart kalla Endregarden. No vil kjøparen truleg utvikle eigedomen med fleire bustader. Meklar Hege Kulhuset håpar salet er eit teikn på at marknaden er i ferd med å snu.  

Dette huset i Årdal gjekk for rekordsum: – Håpar det losnar litt no

I 2013 var bustadmarknaden i Årdal i ein djup bølgjedal, det var stor fråflytting og mange hus stod tomme. No er det endeleg teikn til betring. 

Øvre Årdal: – Marknaden i Årdal er veldig rar, så det er ikkje lett å spå. Men eg håpar det losnar litt no, seier Hege Kulhuset hos Aktiv i Årdal.

Nyleg selde meklaren med det treffande namnet ein eigedom i Øvre Årdal for 4,9 millionar kroner. Ikkje berre var det hundre tusen over prisframlegget. Aldri før har ein eigedom i Årdal blitt seld for så mykje.

Slikt gjer godt etter nokre magre år, sjølv om salet nok ikkje er heilt representativt.

– Det er ein stor eigedom midt i bygda, så det er ikkje mange slike. Tomta er på 2,3 mål, med eit ganske nytt hus som ingen har budd i. Men det var veldig moro å vera med på det. Det var ei heftig bodrunde, seier Kulhuset.

Les også: Bustadprisane i Sogndal er historisk høge

Heit bustadmarknad

Det er med andre ord godt med plass til å sette opp fleire hus på eigedomen, dersom kommunen går med på det. Liknande tankar slo truleg òg dei to bodgjevarane, som gav kvarandre kamp til døra.

Likevel opplever Kulhuset at salet representerer ein bustadmarknad som kan vere i ferd med å snu.

– Akkurat no føler me det er heitt. Kor lenge det varer, det veit me ikkje, for det svingar veldig i denne bygda. Men så sant det er arbeidsplassar for folk, så trur eg dette kan vare ei stund, seier ho.

Les også: Endeleg er det folketalsvekst i Årdal

I fjor på denne tida hadde dei sytti eigedomar ute for sal. No har det holdt seg rundt femti ei stund.

– Det er framleis mange for ei lita bygd. Men dei siste fjorten dagane har det gått ein bustad stort sett kvar dag, seier ho.

Framleis eit stykke att

Seinast i fjor viste tal frå Statistisk sentralbyrå at folketalet i Årdal hadde stupt dramatisk. Heile 70 færre årdøler hadde det blitt og innbyggjartalet var det lågaste sidan 2008. Men for to veker sidan kom den etterlengta nyheita om at det endeleg går i pluss att.

Det er nyheiter som òg gler eit meklarhjarta.

– Det er kjempebra at det kjem folk til bygda. Me har ei som byrja å jobba hos oss i juni og ho kom flyttande frå Bergen. Me merkar at det kjem folk på visning frå andre kantar av Sogn og frå heile landet, seier Kulhuset.

Sjølv om ho altså ser teikn til betring, meiner ho det er for tidleg å ta heilt av. 

– Me har framleis bustader som har lege ute for sal i fleire år og det er ikkje bra i det heile teke. Det øydelegg attraktiviteten i augene til kjøparane og er veldig slitsamt for dei som skal selja. Så no får me håpa den gode trenden varer, seier Kulhuset.

Til toppen