VARIERT PROGRAM: Barn og unge kan i år vente seg eit variert og kvalitetsrikt program frå Den kulturelle skulesekken.
VARIERT PROGRAM: Barn og unge kan i år vente seg eit variert og kvalitetsrikt program frå Den kulturelle skulesekken. (Bilde: Mariell Amélie Lind-Hansen)

Dette kan barn og unge i Sogn vente seg i Den kulturelle skulesekken

Den kulturelle skulesekken er i år pakka med eit stort utval engasjerande og varierte opplevingar.

Sogn: – Me har eit svært variert og godt program som me ser fram til å formidle til elevane i fylket. Den kulturelle skulesekken er eit spennande puslespel kvart år.

– Me vil gje elevane gode kulturopplevingar i ulike sjangrar. Målet er å både utfordre og glede, og ikkje minst skape grunnlag for refleksjon, inspirasjon og lærdom. Kvaliteten er som vanleg høg, seier Øyvind Høstaker, som er koordinator for Den kulturelle skulesekken (DKS) i Sogn og Fjordane, i ei pressemelding.

Musikk og teater

Kva tilbod barn og unge varierer rundt om i fylket. Til dømes skal konserten «ALO» rundt til alle barnetrinna i Sogn med både tradisjonsrik og moderne samisk musikk.

Det blir også teaterframsyning for dei vidaregåande elevane i fylket. Dei skal få bryne seg på det thrillerprega teaterstykket «Fugletribunalet» når Sogn og Fjordane Teater reiser på DKS-turné. Stykket er basert på den prisløna boka ved same namn, av Agnes Ravatn.

«Tidskapselen»

Ei anna storsatsing i årets skulesekk er kulturarvtilbodet «Tidskapselen», som går til alle 9. klassingane i fylket frå og med denne hausten.

Saman med Musea i Sogn og Fjordane har DKS utvikla eit tilbod der målet er at elevane skal bli betre kjende med kulturarv og museum i nærmiljøet sitt.

– Tidskapselen skal bli eit årleg tilbod til 9. klassingane i åra framover. Dei ulike avdelingane ved Musea i Sogn og Fjordane har utvikla sine eigne tilbod, slik at opplegget blir tilpassa nærmiljøet til elevane. Me håpar det skal gjera tilbodet ekstra interessant og relevant, og me ønskjer elevane skal få betre kjennskap til både kulturarv som generelt tema og kulturarven i fylket vårt, seier Høstaker.

Til toppen