HER?: Mest truleg er det denne bygningen på Grandane i Lærdal som blir Magne Knudsen sin nye fysiske tenestestad i løpet av det komande året. Foto: Ole Ramshus Sælthun
HER?: Mest truleg er det denne bygningen på Grandane i Lærdal som blir Magne Knudsen sin nye fysiske tenestestad i løpet av det komande året. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Dette kan bli den nye tenestestaden til Knudsen

Lensmannen i Årdal innrømmer han måtte ut og lufta harddisken då han fekk beskjeden om at lensmannskontoret i Indre Sogn blir liggjande i Lærdal. Det store spørsmålet no er om Sogndal får driftseininga i fylket

Årdal: – Eg vart skuffa då eg fekk vita det onsdag kveld i førre veke - eg gjekk inn i ein liten depresjon. Så eg tok meg ein tur ut og lufta harddisken. Arne (Johannessen, regionlensmann, journ.anm) sa eg ikkje fekk lov til å vera deppa lengre enn til måndag klokka 8. Av erfaring veit eg det er lurt å sjå framover - me skal framleis levera gode polititenester, som me gjer no, seier lensmann i Årdal, Magne Knudsen.

Tysdag blei det altså klart - lensmannskontoret for Indre Sogn blir tilrådd lokalisert i Lærdal av politimeister Kaare Songstad. Hovudargumentet er den sentrale plasseringa Lærdal har, og dermed kjem etter alt å dømma lensmannskontora i Årdal og Aurland til å bli lagde ned.

Les også: Politimeisteren går for lensmannskontor i Lærdal

Les også: Ordførarar skuffa over politireforma

– Me har no hatt møte med alle tilsette på kontora i Aurland, Lærdal og Årdal. Det er blanda reaksjonar, både glede og sorg - nokre får lengre veg på jobb, nokre skuffa over at bygda mistar lensmannskontoret sitt. Mest skuffa er kanskje lensmannen i Årdal, seier regionlensmann Arne Johannessen. 

Mannskapskabalen klar til sommaren

Han var på kontoret i Årdal og hadde nettopp halde informasjonsmøtet med dei tilsette då Porten.no snakka med han og Knudsen 

– Samstundes er det nokså imponerande - i løpet av ti minuttar snur dei tilsette diskusjonen til korleis ein kan bygga opp eit nytt kontor i Lærdal for kommunane. Når slike ting skjer, er det få som er så gode som politiet til å snu seg rundt - det ligg liksom i naturen. 

 – Me slepp byting av bilar og kabalen med vakt og beredskap blir ein enklare sak, legg Knudsen til.

Politidirektøren skal 15.januar koma med den heilt endelege løysinga på kabalen med lensmannskontora, men at det vil bli endringar i høve kva politimeistrane har innstilt er svært usannsynleg i følgje regionlensmann Johannessen.

 Les også: Safe frå politimeisteren

Deretter blir det ein todelt prosess med å organisera det nye lensmannskontoret i Indre Sogn. Først skal den mannskapsmessige kabalen leggjast, det vil mellom anna innebera at ei avgjerd blir teke på kven som blir lensmann for kommunane Årdal, Lærdal og Aurland.

– Denne delen ser me føre oss blir klart på sommaren ei gong, i juni eller juli.

Ligg an til lensmannskontor på Grandane

Framleis blir ikkje kontora i Aurland og Årdal borte, så den nye strukturen på mannskapet blir lagt før det nye lensmannskontoret fysisk er oppe og går - dette blir del to i prosessen og vil ta eitt års tid. Regionlensmann Johannessen seier lokala som husar lensmannskontoret i Lærdal i dag er ueigna og heilt uaktuelt å vidareføra.

– Me har vore i dialog med Lærdal kommune som har eit veleigna bygg der Statens Vegvesen har hatt kontor ved Lærdal ferie- og fritidspark. Dette er me svært interesserte i og me har hatt ei befaring der. Leigeavtalane med dei som eig lokala der lensmannskontora i Aurland og Årdal er lokalisert er eittårige og vil bli sagde opp så snart dette formelt er avgjort av politidirektøren.

Det er prosessen med lensmannskontora - for Sogn sin del vil det altså bli tre lensmannskontor; eitt i Sogndal - for Luster, Leikanger og Sogndal - eitt i Vik for berre Vik og kontoret i Lærdal. Balestrand blir liggjande under Høyanger.

Artikkelen held fram under biletet

NYE TENESTESTADER: Regionlensmann Arne Johannessen (t.v.) informerte tysdag lensmann i Årdal, Magne Knudsen, og staben hans at dei skal flytta ut av lensmannskontoret i Årdal. Om den eine regionlensmannen som blir att i Sogn og Fjordane blir sitjande i Nordfjord, Sunnfjord eller Sogn - det vil seia Sogndal - er i følgje Johannessen heilt ope.
NYE TENESTESTADER: Regionlensmann Arne Johannessen (t.v.) informerte tysdag lensmann i Årdal, Magne Knudsen, og staben hans at dei skal flytta ut av lensmannskontoret i Årdal. Om den eine regionlensmannen som blir att i Sogn og Fjordane blir sitjande i Nordfjord, Sunnfjord eller Sogn - det vil seia Sogndal - er i følgje Johannessen heilt ope.

– Heilt ope kvar driftseininga blir

Så vil det parallelt bli ein prosess der det skal peikast ut ei geografisk driftseining i Sogn og Fjordane der mellom anna regionlensmannen skal sitja. Om denne blir lagt til Nordfjord, Sunnfjord eller Sogn er uvisst og heilt ope i følgje Johannessen:

– Eg oppfattar at dette er heilt opp til politimeisteren - det blir ein open konkurranse og kan like godt bli Nordfjord eller Sogndal som Sunnfjord. Her skal det vera kompetanse på seksuelle overgrep, kriminalteknikk og organisert kriminalitet. Sogndal har alle desse tre i dag, pluss analyse. Eg er nøgd med at ikkje alt av spisskompetanse blir lagt til Bergen.

På det overordna nivået blir det tre einigar i Vest politidistrikt; Bergen, Sogn og Fjordane og «Rest-Hordaland» der dei to siste er temmeleg like med om lag 150 tilsette og mykje dei same oppgåvene, medan Bergen har om lag 350 tilsette og ei stor overvekt av straffesaker. 

Treng invsteringar i personell, bilar og IT

Regionlensmann Johannessen og lensmann Knudsen meiner dei kan levera gode tenester med nærpolitireforma, færre lensmannskontor til trass. Men dei har ei stor bekymring:

– Om det ein sparar på bygg og administrasjon blir brukt der det er behov i etaten - det vil seia først og fremst på personell, bilar og IT - kunne eg ha skrive under på eit papir at me ville levera betre tenester enn i dag. Men når ein ser i statsbudsjettet for 2017 blir heile vinsten trekt innatt og då er me like langt. 150 - 200 millionar kroner er borte før me har byrja. Det er mange bilar, det.

– Der er det som er så frustrerande - det er ikkje mogleg å langtidplanlegga. Me må kjempa kvart år, seier Knudsen

– Eg har skrive i min innstilling at me treng ti nye stillingar i Sogn i løpet av fem år.  Då kan me levera verkeleg gode tenester. I år har me fått to, så får me sjo kva som kjem dei komande fire åra.

Til toppen