KVERRSETT: Dette kan føre til at førarkortet ditt vert kverrsett på staden. Foto: Illustrasjon
KVERRSETT: Dette kan føre til at førarkortet ditt vert kverrsett på staden. Foto: Illustrasjon

Dette kan kosta deg førarkortet

Har du skrapt ein liten flekk på frontruta, og tenkt at det var nok? 

Årdal/Lærdal: Politiet ved Årdal lensmannskontor går no ut offentleg og åtvarar om risikoen ved å ikkje gjere ein god jobb med isskrapa. 

Møter du på utrykningspolitiet ein kald morgon, der du berre har skrapa ein liten firkant på frontruta som er mindre enn eit A4-ark, er det stor fare for at førarkortet ditt vert kverrsett.

Forenkla forelegg

– Om ein vert stansa i kontroll med ikkje tilstrekkeleg utsyn gjennom frontruta eller siderutene framfor B-stolpen, skal førar ileggast eit forenkla forelegg på 2000 kroner, skriv politiet i ei pressemelding.

I all hovudsak må du minst skrape heile frontruta og siderutene for å halde deg innanfor loven. 

Artikkelen held fram under biletet.

TA ALT: Ta deg tid til å skrape alle rutene på bilen din før du køyrer. Då slepp du at lommeboka vert tømt for både pengar og førarkort.
TA ALT: Ta deg tid til å skrape alle rutene på bilen din før du køyrer. Då slepp du at lommeboka vert tømt for både pengar og førarkort.

Trafikale forhold

Både tid, stad og forholda på staden vert tatt med i vurderinga om føraren skal bøteleggast, anmeldast eller mista førarkortet.

Politiet varslar no at det vert kontrollar med fokus på dette i nærmaste framtid og utover vinteren.

Til toppen