– Dette kan verkeleg setja Utladalen på kartet

– Dette kan verkeleg setja Utladalen på kartet

Nestleiar i stiftinga Nasjonalparkfestivalen «Under Storen» trur balansekunstnaren Eskil Rønningsbakken kan ha sett Utladalen på kartet for alvor.

Laurdag balanserte den verdskjente balansekunstnaren på ein stige 275 meter over bakken ved sidan av buldrande Vettisfossen.

Dette var ein del av programmet til Nasjonalparkfestivalen, og rundt 50 personar tok turen opp med Vettismorki, trass dårlege vêrmeldingar, for å sjå denne historiske augneblinken. Rundt 20 personar såg stuntet nedanfrå.

Nestleiar i stiftinga Nasjonalparkfestivalen, Kristoffer Nystedt, trur dette kan vera med på setja Årdal og Utladalen på kartet for alvor.

LES OGSÅ: Han skal henge ut over kanten av Vettisfossen

– GoPro International har vore her heile veka og filma Eskil. Det skulle vera ein to minuttar snutt, men har blitt til ein ti minuttar lang dokumentar om Utladalen og Eskil, fortel han.

Artikkelen held fram under biletet.

IMPONERTE: Dei rundt 50 personane som tok turen til toppen av Vettismorki fekk mykje att for den tunge turen opp.
IMPONERTE: Dei rundt 50 personane som tok turen til toppen av Vettismorki fekk mykje att for den tunge turen opp.

– Viss ein ser på ein del tidlegare prosjekt Eskil har gjort i Noreg, så har dette ein større rekkevidde enn eit stillbilete av Vettisfossen utan eit element som ikkje skal vera der. Eg synest dette er rein kunst, og eg har veldig tru på at dersom me klarar å spinna vidare på dette, kan me verkeleg setja Utladalen på kartet både internasjonalt og i Noreg.

Rønningsbakken sjølv har også uttalt til Porten.no at han har sett seg ut fleire interessante plassar i Årdal, og at ein ikkje skal sjå vekk frå at han ein dag returnerer for å gjera nye balanseøvingar på plassar ein knapt ville sett foten.

Sjå video av stuntet i videovindauget øvst i artikkelen.

Då 35-åringen sette i gong med, stod folk klare med mobiltelefonar og kamera for å dokumentera. Nokre hadde også med seg ein halvliter opp for å nyte til showet. Skal ein dømme på stemninga i etterkant, var samtlege veldig glade for at dei tok den litt småtunge turen opp på Vettismorki denne dagen.

– Å komma fram her i desse omgjevnadene, opna seg ein halvliter og prata med så mange kjekke folk med god underhaldning er heilt topp. Det er skildringa på ein fantastisk laurdag og Jotunheimen på sitt beste, seier Even Gulbrandsen, ein av dei som fann fram fjellstøvla denne dagen.

Til toppen