FEIL INFORMASJON: – Det kan ikkje vera meininga at dette skal hjelpe turistar å finne fram, seier Gunvor Nordås, leiar av Årdal Gålag. Foto: Ina Eirin Eliassen
FEIL INFORMASJON: – Det kan ikkje vera meininga at dette skal hjelpe turistar å finne fram, seier Gunvor Nordås, leiar av Årdal Gålag. Foto: Ina Eirin Eliassen

Dette kartet skal hjelpa turistar – finn du feila?

– Dette går ikkje an. Eg har funne ti feil på turistkartet for Årdal i den nye turistinformasjonen. Kartet vart sist endra i 2006 og blir no delt ut til turistar, seier Gunvor Nordås, leiar i Årdal Gålag.  

INFORMASJON: Denne brosjyrehylla er ein del av den nye ordninga med turistinformasjon  på Utla Kafé og Bar. Arkivfoto
INFORMASJON: Denne brosjyrehylla er ein del av den nye ordninga med turistinformasjon  på Utla Kafé og Bar. Arkivfoto

Årdal: Turistinformasjonen på Utla Kafé og Bar i Øvre Årdal, består av to brosjyrehyller med kart og informasjon, samt ei datamaskin som turistar kan nytta seg av. I tillegg har personalet kompetanse til å rettleie turistar i kommunen. Dette er ei utprøving av ein ny type turistinformasjon. Ordninga finst også på Klingenberg Hotel på Årdaltangen. Reiselivkjennarane trur dagens løysing er vegen å gå. 

Les også: Brandshaug om reiselivet: – Vis tolmod

– Reagerer på informasjonen til turistar

Gunvor Nordås, leiar i Årdal Gålag, såg det lag framme eit kart med turar og praktisk informasjon om Årdal på disken i kafeen. Så flott, tenkte ho, heilt til ho kika nærare på kartet. Kartet var nemleg ikkje revidert sidan 2006, turane du kan gå i kommunen stemmer, men ho fann åtte feil på kartet over sentrum i Øvre Årdal og to feil på kartet over sentrum på Årdalstangen. 

Artikkelen held fram under biletet

MARKERTE FEILA: Gunvor Nordås, leiar i Årdal Gålag, har markert alle feil ho fann på kartet over Øvre Årdal og Årdalstangen.
MARKERTE FEILA: Gunvor Nordås, leiar i Årdal Gålag, har markert alle feil ho fann på kartet over Øvre Årdal og Årdalstangen.

Til dømes heiter det ikkje Sitla Hotel, men motell. Torgloftet har vorte Samhald, og ein kan ikkje kjøpa mat der slik som før. Messa cafe vart lagt ned for mange år sidan, i tillegg er også Mix-kiosken og Årdalstangen Feriepark er nedlagt. Du finn heller ikkje turistinformasjon ved busstasjonen i Øvre, slik kartet syner, fortel ho. 

– Det går ikkje an. Eg er skuffa. Årdal har da verkeleg forandra seg sidan 2006. Ein burde verkeleg ikkje legge ut slikt. Skal ein satsa på turisme må ein vera à jour, seier Nordås. 

Les også: Bjørn Årebru sine tankar om reiselivet i Årdal.

Brukar kartet i mangel av eit betre kart

Dagleg leiar i Klingenberg Hotel Erling Eggum
TEK DET FULLE ANSVARET: 
Erling Eggum, som driv turistinformasjonen ved Utla Kafè og Bar, seier han sett pris på engasjementet, men peikar på at kartet først og fremst er meint som eit verktøy personale kan nytte for å rettleie turistar. Arkivfoto

Erling Eggum, som eig Utla Kafé og Bar og sørger for drifta av turistinformasjonen, seier han er klar over feila på kartet. Det er eit privat kart som han har vald å legge ut i mangel av eit betre alternativ. 

– Kartet er nyttig når personalet skal informere og forklare turistar kvar dei skal gå for å finne fram. Difor har me vald å bruka det. Sjølv om det har skjedd utvikling i sentrum av Årdalstangen og Øvre Årdal, er det ikkje slik at turforslaga på baksida av kartet ikkje stemmer, seier han.

Eggum seier at om det er ønskeleg, kan han fjerne kartet, men då manglar personalet noko å hjelpa seg med når dei skal syne veg. Han legg også til at han har brukt kartet i fleire år på Klingenberg Hotel, der det har vore til god hjelp. 

Han legg også til at det finst nyare og reviderte kart i brosjyra over Årdal som du også finn i brosjyrehylla på Utla Kafé og Bar.

Informerer turistar etter beste evne

– Me står for turistinformasjonen etter beste evne, sjølv om det er manglar no dette første året med ordninga. Samstundes tek me innspel frå folk på alvor. Me har tilsett ein person til å spesielt ta seg av turistar på Utla Kafè og Bar og eg er i desse dagar i gang med å skilte turistinformasjonen betre. Me gjer det me kan for at informasjonen til turistane skal bli betre og vera lett tilgjengeleg, seier han.

Eggum fortel at det er heilt andre midlar til drive turistinformasjon i Årdal no enn tidlegare. Det er fordi innsatsen for å få folk til bygda ikkje skjer i Årdal, men gjennom Visit Sognfjord som hentar inn turistar utanfrå. Eggum meiner dette er å bruka midlar på rett plass og tykkjer det er ein betre type turistinformasjon, enn då turistinformasjonen var på eit eige kontor.  

Til toppen