Dette kjem fram av rapporten om vinterstenging av Årdal-Tyin

Dette kjem fram av rapporten om vinterstenging av Årdal-Tyin

Porten.no har sett nærare på kva rapporten om vinterstenging av fylkesveg 53 seier. 

Som Porten.no skriv torsdag, har Årdal Utvikling fått utarbeidd ein rapport på vinterstenging av fylkesveg 53 mellom Årdal og Tyin. Denne jobben er forankra i handlingsplanen til Årdal kommune og er også eit samarbeid med Vang kommune.

Bakgrunnen for oppdraget var at Stortinget våren 2014 vedtok eit nytt inntekstgrunnlag for fylkeskommunane som gjorde inntektsgrunnlaget for fylkeskommunen redusert. 

LES OGSÅ: Jobbar for å halde Årdal-Tyin vinterope

Eit av innsparingstiltaka er difor å vinterstenge fjellovergangar som fylkesveg 53. Hovudutvalet for samferdsle har bedt fylkesadministrasjonen om å greie ut forslag til ny driftsstandard for fylkesvegnettet med ei innsparing på om lag 40 millionar kroner.

Stabile trafikktal

I fylkestinget er dei økonomiske rammene som er fastsett i budsjettet følgjande: 457 millionar i 2015, 395 millionar i 2016, 433 millionar i 2017 og 431 millionar i 2018. I tillegg har fylkeskommunen bedt Statens vegvesen, region vest greie ut om potensialet for innsparingar. Når denne rapporten blir klar, kan ein seie meir om tiltak, kor omfattande dei blir og kvar dei blir sett til verks. Saka vert truleg drøfta av fylkestinget i 2015 med endringar først vinteren 2016.

Når ein ser nærare på trafikktala, passerer det jamnleg mellom 300 og 400 bilar kvar dag, men rapporten føresler at tala kan vera høgare etter som teljaren av bilane står på Holsbru. Trafikk som kjem frå aust og aldri passerer denne teljaren vil difor ikkje bli talt. Medan bilar som køyrer opp og ned frå Årdal same dag, blir talt to gonger.

Ting tyder på at helgetrafikken er betrakteleg større enn i vekedagane. Fjellovergangen er også relativt ofte stengt om vinteren på grunn av uvêr eller rasfare, og i 1995 vart kolonnekøyring avvikla. I september 2014 vart det spikra ny driftskontrakt som gjeld for 5 år med opsjon opp til 9 år. 

Utbetringsplanar

Det er også blitt sett på utbetringsplanar for vegstrekninga. Dette gjeld avvikling av tunnel nedanfor Holsbru. Dette er eit tiltak som ikkje er finansiert. Det er òg sett på skredsikring ved Tyinstranda. Her har Oppland fylkeskommune allerede løyvd pengar, medan Sogn og Fjordane fylkeskommune har utsett løyvinga på 25 millionar til 2016.

Det siste og mest kostbare tiltaket er skredsikring i Jåteli. Her er alternativet ein lengre tunnel med stigning som vil koste 400 millionar kroner. Ein samfunnsøkonomisk analyse fortel at ei investering på 35 millionar kan forsvarast, noko som er langt unna dei 400 millionane. 

Per i dag har dette tiltaket 4. prioritet hjå fylkestinget for rassikring i handlingsprogrammet til Regional transportplan for perioden 2014-2017. 

Fylkeskommunen betalar i dag tre millionar årleg på å drifta vegen, medan Oppland står for den resterande millionen, som dermed gir eit snitt på fire millionar per år.

Til samanlikning er kostnaden til drift i sommarhalvåret på 500 000 kroner. 

Konsekvensar for næringslivet

Den kanskje viktigaste årsaka til å halde vegen open er konsekvensane ei vinterstenging vil ha på næringslivet i dei to kommunane. Det er blant anna gjort og planlagt store investeringar i området, og aktiviteten dannar grunnlag for vekst og utvikling.

I rapporten peikar ein blant anna på vedlikehaldsarbeid av tekniske installasjonar, som til dømes Tyin kraftverk. I tillegg planlegg Hydro Energi å starte bygging av Mannsberg kraftverk og Torolmen kraftverk i laupet av dei neste åra. 

Dessutan er det fleire selskap som driv innan turistrelaterte næringar, som til dømes Tyin/Filefjell Utvikling med sine 30 tilsette. Dessutan er denne ruta ein viktig del for Valdresekspressen, som årdøler sin viktigaste åre mot Austlandet.

750 hytter vert råka

Mange av hyttetomteme på fjellet er også festetomter som gir ein viss næringsinntekt til grunneigarar. Leiga er forholdsvis låg. Totalt vil rundt 750 hytter verte råka av ei vinterstenging. 

Fylkesveg 53 er også ein viktig inngangsportal til Jotunheimen, som er noko av det vakraste Noreg har å by på av natur. Dette er eit godt eigna område for fleire typar turar, og på Filefjell er det heisanlegg som mange årdøler nyttar seg av om vinteren.

Til toppen