Dette laget er sponsa av mamma

Dette laget er sponsa av mamma

Lærdal sitt jente 13/14-lag har ein ganske så spesiell sponsor på draktene sine.

Det er ikkje uvanleg at fotballag er avhengig av sponsorar for å få ting til å gå rundt. I Lærdal IL er det ikkje noko unntak. Ofte ser ein logoar til lokale bedrifter pryda draktsetta.

Det gjer det også på Lærdal sine drakter, men bak på ryggen, over talet, har dei ein sponsor du sannsynlegvis aldri har sett på ei fotballdrakt før.

Sponsa av mamma

Der står det med store bokstavar: «Eg er sponsa av mamma».

KREATIVT: – Me valte å gjera det litt spenstig, seier Dag Arne Helland.
KREATIVT: – Me valte å gjera det litt spenstig, seier Dag Arne Helland.

– Det kom inn som eit forslag frå lagleiaren vår til mødrene, og dei sa ja utan betenkningstid. Det var der det starta, og så tenkte me kvifor ikkje ha det på draktene? fortel Dag Arne Helland, som trenar laget saman med Ole Petter Holmen.

Alle mødrene er med på å betale eigendel likevel, og då slepp ein å springe rundt og krevje pengar frå ulike aktørar. Frå før er hovudsponsorane til idrettslaget på framsida av drakta. 

– Viss me skulle tent inn heile draktsettet elles, måtte me har marknadsført oss, men me valte å gjera det litt spenstig. Det er litt morosamt å gjera nye ting, seier Helland.

Blir lagt merke til

Då laget deltok på Briskebyturneringa på Hamar for nokre veker tilbake, blei dette godt lagt merke til hjå konkurrentane. 

Helland takkar mødrene og foreldra elles for den enorme innsatsen dei legg ned i laget i form av dugnadstimar, vasking av sure sokkar og kakebaking.

Artikkelen held fram under biletet.

BETALAR SEG: Investeringa betalar seg. Jente-laget gjer på ingen måte skam på draktene og tek ferie på toppen av tabellen. Trenar Dag Arne Helland står bak til venstre, medan Ole Petter Holmen er bak til høgre.
BETALAR SEG: Investeringa betalar seg. Jente-laget gjer på ingen måte skam på draktene og tek ferie på toppen av tabellen. Trenar Dag Arne Helland står bak til venstre, medan Ole Petter Holmen er bak til høgre.

– Det er ei fantastisk gruppa me har med villige foreldre. Med ein gong me spør om noko, er svaret ja. Det er ein utruleg bra gjeng. Me er veldig godt nøgde med foreldra og den innsatsen dei legg ned. 

Og investeringane betalar seg. Før ferien slo dei Aurland 4-2, og det betyr at jentene har teke sommarferie på toppen av tabellen.

Til toppen