MELLOMNØGD: Sjå løfta til Roger Navarsete i det 6. minutt, i det 14.30 minutt og 24.30 ut i videoen. VIDEO: International Powerlifting Federation IPF
Video

Dette løftet sikra sjetteplass i VM, men sogndølen er ikkje nøgd

Roger Navarsete frå Sogndal tok ein solid 6. plass i benkpress-VM i Sør Afrika i helga. Men kraftkaren er ikkje nøgd med at utviklinga har stoppa opp dei siste to åra.

Potchefstroom, Sør-Afrika: – Eg var mest nervøs før førsteløftet. Det var godt at det satt, slik at eg fekk eit resultat på tavla, seier Roger Navarsete, om den gode starten han fekk i Sør-Afrika.

Om starten var god, gjekk det tråare i framhaldet. Det neste løftet på 280 kilo vart akkurat for tungt. Det hindra ikkje sogndølen frå å legga 295 kilo på stanga til det siste løftet, fem kilo over den personlege rekorden han sette i EM i 2016.

To år utan framgang

Det gjekk ikkje i det heile tatt.

– Eg måtte ha benka over 300 kilo for å ha avansert på lista, så ein sjetteplass er absolutt godkjent. Men eiga løfting er eg ikkje heilt nøgd med. Der har eg meir å jobba med, seier Navarsete.

I 2016 løfta han 290 kilo og tok EM-bronse. Det året persa han med 20 kilo. Sidan har utviklinga stoppa opp.

– Det er eg ikkje nøgd med, langt derifrå, men eg er ikkje uroa. Slik er det i dette gamet, du kjem gjerne opp på eit nivå, så dett du ned igjen og må kjempa deg opp att. Eg skal jobba på vidare for å komma oppatt på 390 kilo og forbi, seier Navarsete.

Har trua

Jamaldring Eduard Tebenkov frå Russland vann med eit løft på 330 kilo. Ein fryktinngytande prestasjon, men bortsett frå han er konkurrentane stort sett fem år eldre, eller meir.

Navarsete har med ord mange år på seg til å klatra på rangstigen.
 
– Eg er optimist, sjølvsagt. Eg kjem til å fortsetta å køyra på. Det blir ikkje noko pause no, men eg går rett på trening att. Det er EM i haust, så det er berre å jobba på vidare, seier Navarsete.

Til toppen